| DISKUSJON |
|

|
|
|
|
 6. DIVISJON 2010 For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane. Les meir » |
|
 KUNSTGRAS I HYEN? At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen. Les meir » |
|
|
|
Hyen med treningssamarbeid med Sandane2!
 Det er ei kjent sak at Hyen alltid har slite med få spelarar på trening. Dette skuldast enkelt å greit at ein i området Hyen/Sandane berre har ti spelarar. Men no blir treningssituasjonen for hyarane mykje bedre. STIL og Hyen IL har no inngått ein avtale som gjer at Hyen får trene ilag med Sandane2.
I første omgong går avtalen ut på at Hyen stiller med seks spelarar på kver trening under leiing av det nye eminente STIL2-trenaren Ingmar Sægrov. Det er sjølvsagt utruleg positivt for Hyen og vi satsar på at dette vil gje utslag i form av velltrente spelarar som er klare for å sanke mange hye-poeng i 2010! Så ein stor takk til STIL og forhåpentlegvis vil dette være eit fruktbart samarbeid for begge partar!
Dei seks utvalgte som får presentere Hyen blir valgt av trenarteamet til Hyen og det er dei som er mest ivrige og vise intiativ som i utgongspunktet blir plukka ut. Men det vil nok være gode muligheta for alle å få prøve seg så det er berre å ta kontakt med trenarteamet dersom ein ønskjer å delta.
Treningane med Sandane2 er på tirsdagar 19:00 og torsdagar 18:30. I tillegg trenar Hyen inne i Gymsalen i Hyen fredagar og søndagar 19:00 så no har spelarane på laget fått eit meget godt tilbud. Spinningfeberen herjar og for fullt i Hyen i disse dagar så no er det berre til å legge seg i hardtrening! Publisert: 17. februar 2010 | |
![]() |
|