|
Dagens HIL-stjerne: Marius Hallem
 Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Marius Hallem. Han spelte berre ein omgang, men gjorde sine saker meget bra på den tida han fekk. |
Det var knytt stor forventning til Hyens siste treningskamp før sesongen borte mot Breimsbygda på Byrkjelo stadion. Etter 0-6 i bagasjen mot Heia ville hyarane vise kva dei var gode for. Til denne kampen var forsvaret betrakteleg styrka frå forrige kamp, både Geir Sigurd Vatnamo, Øyvind Larsen og Ola Henning Ommedal var klare for kamp igjen i tillegg til Øyvind Magnus Solheim. Dessutan var Håkon Solheim med i troppen og spelte sin første kamp for laget på prøvespel.
Det var fart i kampen allereie frå første sekund. Etter berre 2 minutt kom Anders Klungre åleine gjennom med keeper etter eit langt kast frå Karl Erik Utheim, men forsøket på å lobbe over var for slapt.
Rett etterpå var Øyvind Magnus Solheim heldig då han berre fekk gult kort på ei felling like utanfor 16 m. Frisparket gjekk langt over.
Men Breim skulle få uttelling. Etter 7 minutt kom dei gjennom på høgresida og rulla ballen i lengste hjørne, utagbart for keeper. Hyen svarte imidlertid kjapt, Anders Klungre vart klipt ned like innanfor 16-meteren etter 17 minutt, og det var dømt korrekt straffe som Roger Nordal sette sikkert i mål, og 1-1! Klungre måtte ut med eit overtråkk i straffesituasjonen, men er nok klar for første seriekamp igjen.
I det heile tatt var det ein jamn 1. omgang. Ein god del halvsjansar til begge lag, blant anna hadde Jens Robert Hope eit skot frå ca 20 meter som hadde fortent ei betre skjebne. Hyen dominerte mot slutten av omgangen, men tok ikkje ledelsen.

2. omgangen opna endå meir forrykande enn den første. Etter berre 5 minutt hadde Breimsbygda allereie fått 2 nye mål, og det sto plutseleg 3-1 til heimelaget. Men hyarane viste stor lagmoral ved å komme kjapt tilbake. I det 53. minutt fekk Roger Nordal etter eit frispark lagt inn til Karl Erik Utheim, som hæla ballen lekkert i mål. Tre minutt etter fekk Roger Nordal ein stuss frå Jens Robert Hope, som han fekk tuppa i mål. Dermed var det balanse i rekneskapen igjen, og 3-3!
Hyen pressa etter desse måla, og blant andre Karl Erik Utheim, Marius Hallem og Jens Robert Hope hadde store sjansar til å putte på nummer 4. I det 85. minutt fekk likevel Hyen avgjort kampen. Anders Ommedal fekk ei flott gjennombruddspasning ut på høgrekanten. Keeper måtte gje retur på skotet, og Jens Robert Hope var våken frampå og satte inn 4-3 til Hyen som og vart sluttresultatet.
Hyen hadde til tider veldig fint spel i denne kampen, og vann mange duellar. Spesielt i 2. omgang var Hyen det beste laget. Det var godt å ha faste forsvarsspelarar tilbake, og Håkon gjorde også ein god 2. omgang som venstreback. Alt i alt var det fortjent at Hyen vann.