hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Tabelltips Firdaligaen

Fotballsesongen i Sogn og Fjordane blir sparka i gong denne helga, og først ut er som vanleg 3. og 4. divisjon. Vi har tatt sjansen på å tippe sluttabellen i dei to divisjonane, og kjem her med vårt forslag for Firdaligaen samt ein kort gjennomgang av laga på tabellen. Skal vi i år endeleg få eit opprykk frå Firdaligaen??

Publisert 11. april 2008.


Vi trur Firdaligaen i år kjem til å bli firedelt. 3 lag i toppen, 4 i øvre kant av midten, 3 i nedre kant av midten og 2 bunnlag. Tipset er på ingen måte revolusjonerande, men vi trur nok på ein litt kjedeleg tabell i år der det vil vise seg at fotballen i fylket held eit dårleg nivå. Men vi har faktisk stor tru på at vinnar av Firdaligaen kjem til å rykke opp i år! Dette skuldast at eventuell motstandar i kvalikken vil være av ein langt svakare sort en kva som har vore tilfelle dei siste åra. Vi trur at Stryn kjem til å skuffe stort i år, medan Florø blir den positive overraskinga.

Firdaligaen 2008 

1

 Førde

2

 Årdal

3

 Sogndal 2

4

 Stryn

5

 Florø

6

 Fjøra

7

 Kaupanger

8

 Eid

9

 Høyang

10

 Tornado Måløy

11

 Skavøypoll

12

 Selje

 1. plass: Førde
Laget har alt dei treng for å kunne være eit stabilt 2. divisjonslag, og det er flaut for fotballen i Sogn og Fjordane at eit lag som Førde i år møter Selje og ikkje Randaberg. Laget ser sterkt ut på alle måtar og spelarar som Tenden, Tangedal, Evensen og Vetti høyrer heime i ein divisjon over! Vi ser på Førde som klar favoritt og vi trur også at dei kjem til å rykke opp i år! Ingen blir vell skremt av lag som Åskollen og Birkebeineren!?

 2. plass: Årdal
Årdal har mista 3 toppscorarar, som også har vore assitkongar! Den solide trenaren Wigum er også borte. Det er Strypet og Krosshaug som skal fylle disse tomromma, og det vil dei nok klare, men berre til ei viss grad. Årdal vil kjempe mot Førde, men må sjå seg slått av eit førdelag som er betre jamt over heile fjøla. Fotballkulturen i Årdal er det få som slår, og det kombinert med stor optimisme i bygda gjer at vi trur at Årdal er på strak veg tilbake mot 2. divisjon. Vi trur det uansett blir for tidleg i år, og då gjer det heller ingen ting at Førde rykk opp i år, for då blir det langt lettare for årdølingane å klare det same til neste år.

 3. plass: Sogndal2
Mykje dumt er gjort i songdalsfotballen dei siste åra, og det heile har blitt krona med at klubben heller ikkje forstår at inntektene må være større eller lik utgiftene for at ein skal kunne ha eksistens. Den største overraskinga er vell at det er Sparebanken Vest og ikkje Terra som er lagets hovudsponsor! Talentutviklinga er uansett god, i og med dei får skrapa til seg det som er av talent i fylket. Og når Sogndal Fotball har uttalt at 2. laget til ei kvar tid vil bestå av 6-7 a-lagsspelarar så sant det ikkje kresjar med a-kampane ja då kan det her gå "hur långt som helst" for dei nest beste til saftkokarane.


foto: haugenfotball.no 

 4. plass: Stryn
Stryn har i ei årrekkje vore eit topplag i 3. divisjon, men laget har dessverre ikkje lykkast å komme tilbake til 2. divisjon. Dei har klart å holde på gode spelarar til tross for at talent som Flo, Flo og Solheim har forsvunne dei siste åra. Det er på grunn av karar som Leirgulen, Tjellhaug og Tendenx3 som har gjort at Stryn har oppnådd dei gode plasseringane. Disse er no begynt å komme "over the top" og når Eikenes som skal score måla for klubben i år til dagleg er 370km frå bygda så trur vi at Stryn vil skuffe i år. Når først pila begynne å gå ned for Stryn kan det fort bli vanskeleg å få den til å peike oppover igjen! Dette fordi dei er frå ei bygd som i utgangspunktet skulle ha langt mindre muligheiter for å lykkast enn mange andre i fylket!

 5. plass: Florø
I Florø går det meste den rette vegen om dagen etter at ein gjeng med svenskar øydela for kystklubben i starten av det 3. årtusen! Dei unge spelarane blir betre og betre for kvart år, og bak dei kjem det stadig nye! Gode treningsforhold kombinert med dyktige trenarar og ein by med 10 000 gjer at Florø i løpet av nokre år vil kunne ligge heilt i toppen av fylkesdivisjonen. I år vil dei nok ta stabilt med poeng gjennom heile sesongen, men dei må nok innsjå at dei enda ikkje vil nå heilt til topps. Men i Florø er det spennande ting på gong.....

 6. plass: Fjøra
Fjøra er ein liten fargeklatt i ein elles so ganske lysegrå Sogn og Fjordane fotball. Likevell har klubben blitt mest lagt merke til positivt utanfor bana, og det sportslege har dei siste åra ikkje vore av det beste slaget. I år har dei mista ein del gode spelarar, men dei har også har fått på plass gode erstattarar. Likevel ser Fjøra troppen ut til å være litt tynn i år, og dei vill nok være veldig avhengig av enkeltspelarar som blant anna Underdal og Ylvisåker. Vi gjev Fjøra ein 6. plass, og det er nok bakover fjørene må sjå seg i år!

 7. plass: Kaupanger
Kaupanger er nok ein klubb frå Sogndal, og som dei andre laga frå fruktbygda så består laget av spelarar som bur i bygda og dette gjer det sjølvsagt lettare å bli eit god fotballag. Dei har år mista ein veldig god trenar, medan eit av dei mest spennande talenta i fylket Kristian Opseth har blitt eit år eldre. Så mykje anna er det vell ikkje å rapportere om frå skogen og vi trur at dei kjem til å skuffe litt i forhold til fjorårssesongen, men noko dårlegare enn 7. plass blir det ikkje....


foto: haugenfotball.no 

 8. plass: Eid
Eid har fått Eid idrettspark og soleis har klubben etterkvart også fått eit habilt 3. divisjonslag. Laget har lokka til seg spelarar frå andre klubbar i distriktet og dei har også fått fram stortalentet Eivind Daniel Røed. Dette i seg sjølv er nok dessverre ikkje nok, og vi har svært vanskeleg for å sjå korleis Eid skal kunne komme høgare på tabellen. To plassar opp frå i fjor skal være innan rekkevidde, men då er det ikkje nok med berre 1 poeng på bortebane!

 9. plass: Høyang
Høyang har i fleire år vært best av dei nest beste i 3. divisjon avdeling 16. Dette skuldast veldig mykje deira god statistikk heime på Sletta. Den var berre ordinær i fjor og då vart det til slutt ein skuffande 9. plass på Høyang. Laget har enkeltspelarar på høgt nivå, men blir veldig avhengig av disse og når dei "går sure" og pådrar seg karantenar i fleng utover sesongen så fører det til at Høyang også blir eit botnlag i 2008!

10. plass: Tornado Måløy
TMFK hadde store ambisjonar då klubben vart oppretta, og 1. divisjon i løpet av nokon få år var ei klar målsetting. I år må dei nok bytte ut denne med å overleve i divisjonen! Laget har mista dei rutinerte og beste spelarane. Talent har dei, men dette er desverre ikkje nok. Laget er som regel dårlege borte, og når ein i år i tillegg har bytta ut fortet på Refvika med stakkarslege Måløy Stadion ja då ser dette stygt ut for måløynarane!


foto: haugenfotball.no 

11. plass: Skavøypoll
Det blir spennande å sjå om polljen i år kan innta posisjon som storebror i Vågsøy! Naboen i vest er ikkje kva den var, men er eigentleg laget på feil side av brua noko betre? Dei kom på 2. plass i 4. divisjon og opprykket blei sikra i nest siste runde. Dette vitnar om at dei skal få ein tøff sesong i Firdaligaen og når laget heller ikkje er blitt betydelig forsterka frå i fjor så må dei slost det dei kan for å unngå nedrykk. Vi trur at Førde bergar dei frå det!

12. plass: Selje
Selje sneik seg forbi poljen i siste serieomgang i 4. divisjon i fjor, men totalt sett var nok klubben frå nabokommunen eit betre lag. Laget er svekka sidan dei sist var i Firdaligaen og sjølv om dei er av klubbane med flest og mest engasjerte supportera så er nok ikkje dette nok til at det skal bli 3. divisjonsfotball i Selje i 2009.

Er du enig eller uenig i tabelltipset, uansett kom med ditt eige tips på forumet...

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
25. november 15:00 Jølster2 - Hyen 3-2