|
Heile Sandane-fotballen fekk ein skikkeleg nedtur etter 2006-sesongen. A-laget rykka ned til fjerde divisjon etter å ha vore eit fast innslag i fylkets toppdivisjon i fleire tiår! Sandane2 gjorde heller ingen stor sesong då og etter at a-laget mista svært mange spelarar fann dei rett og slett ut at ein ikkje hadde nok spelarar til å kunne stille med eit andre lag. Noko eigentleg ikkje skal kunne være muleg på ein plass som Sandane. Men nokre vise sjeler i stil-miljøet tok grep, når fotballen i laget låg nede i ei stor grop. Planane om kunstgrasbane gjorde at optimismen igjen auka og med tilgong på fleire unge spelarar i 16-17 års alderen blei igjen Sandane2 påmeldt i 6. divisjon i 2008.
Sandane2 leverte i fjor ein god sesong, og sjølv om det blei ein del poengtap så var dei kanskje det laget som spelte den beste fotballen. Laget prestere også ganske jamt godt over heile sesongen og det var eigentleg kun i 7-3 tapet borte mot Hyen at dei gjekk på ein skikkeleg smell. Det høyrer dog med til historia at den kampen likna meir på ein gjørmekrig enn fotball-kamp pga. eit forferdeleg dritveir inne fjordtarmen (kor det faktisk kjem dobbelt så mykje nedbør som på Sandane iløpet av eit år)!

Med ei fantastisk kunstgrasbane å trene på har og Sandane2 iløpet av vinteren fått gjennomført svært mange gode treningar med både mykje folk og god innsats. Spelarstallen er og nesten tilnærma lik det den var i fjor, noko som betyr at dei nest beste stilpusane no har fått spelt mykje ilag noko som og bør bety at dei er ein svært samspelt gjeng. Stallen består med nokre få unntak kun av spelarar i slutten av tenåra. Dette er spelarar som har ei god fotballforståelse og ei meining om at fotball skal spelast langs bakken. Dette trur vi og dei kjem til å få til og når ein då er i den alderen betyr det at den gode utviklinga berre blir endå betre.
At Sandan2 har hatt ein god treningsvinter viser igjen på resultata i treningskampane. Først ut av var divisjonskollega Flatraket som blei slått 1-0 heime. Etter dette har dei spelt to treningskampar mot 5. divisjonslaget Breim som begge er blitt vunne med 3-2 og 3-1. At Breim kanskje ikkje leverte veldig god innsats i nokon av kampane betyr uansett at det er eit STIL2-lag som er ubesigra i 2009 som ventar dei andre laga i avdelinga.
 foto: stilfotball.no
Ungt og lovande er sjølvsagt ein god ting, men det kan nok også sjå ut til å være Sandane2 si største svakheit i år. Når det vell ikkje er ei meir enn fire spelarar over tjue år så seier det seg sjølv at laget manglar rutine og spesielt på midtbana trur vi dette vil bli savna. Hardhausen Helge Apalset er akkurat kva dette laget treng i forsvar. Ein uredd og svært duellsterk spelar som nok klarar å fyre opp lagkameratane. På topp har dei Vidar Apalset som er ein garantist for mål, men det er nok litt usikkert kor mykje han blir med, og då ser svært tynt ut på topp for Sandane2. Likevel har dei svært mange giftige midtbanespelarar som vil score mange mål iløpet av sesongen.
Faren med å basere eit lag på unge spelarar på ein stad utan høgskule er at dei fleste av disse før eller seinare forsvinn ut av bygda for ein kortare eller lengre periode. Det er også tilfelle for Sandane2 i år. Både Fartein Malm Geithus, Martin Slagstad, Bjørge Eikelund, Espen Midttun, Marius Hallem og Morten Vetti er spelarar som fullfører si tid på Firda VGS iløpet av våren. Ettersom vi tvilar på at framtidsplanane deira er å bli ein del av Gloppe-hovudstaden sitt rånemiljø betyr nok det at Sandane2 stiller utan disse til hausten. Det vil nok sjølvsagt kunne komme inn nye unggutar, men laget vil nok uansett bli svekka! Sjølv om laget har tilgong på a-lagsspelarar vil det nok neppe florere av disse, dette var i alle fall ikkje tilfelle i 2007-sesongen.
 foto: stilfotball.no
Ambisjonane til Sandane2 i år er å gjer det betre i fjor (3. plass) og kjempe om 1. plassen. Likevel kjem nok laget mest sannsynleg til å takke nei til eit eventuelt opprykk. Dette skuldast nok at 6. divisjon er eit perfekt nivå for eit lag som Sandane2 nettopp eit lag for unge spelarar og dei som ikkje ønskjer å bruke så mykje tid på fotballen. Akkurat dette er nok eit problem for Sandane, og spesielt dersom a-laget rykker opp til Firdaligaen. Då treng ein nok å ha eit matchingsnivå for dei nest beste som er eit hakk over 5. divisjon, men samtidig kan nok dette være i interessekonflikt med dei som ikkje har så høgt ambisjonsnivå.
Vi trur på ein veldig god sesong for Sandane2 i år. Spesielt vil ein nok få sjå mange våryre ungkalvar i godt slag på det fantastiske beite på Myklebustflata i vårsesongen. Med godt samspel og fin fotball trur vi Sandane2 blir årets vinnar av 6. divisjon avdeling 2!
Styrka:
|

|
+ God speleforståelse hos spelarane + Treningsvillige + Fantastiske treningsforhold + Gode resultat i treningskampane |
Svakheiter:
|

|
- Misser fleire viktige spelarar til hausten - Tynt på topp utan Vidar Apalset - Få med spesiell rutine | |
Resultat treningskampar: 15. mars Sandane2 - Flatraket 1-0 3. april Sandane2 - Breim 3-2 17. april Sandane2 - Breim 3-1
Heimeside:

www.stilfotball.no
 Peder Hauge

|
Keeper:
(Reservekeeper A-lag/gutekeeper)
Forsvar:
Helge Apalset
Ronny Viken
Fartein Malm Geithus
Bjørge Eikelund
Erik Slagstad
Martin Slagstad
Peder Daviknes
Ørjan Helle
Kjetil Førde |
Midtbane:
- Kjetil Klakegg
- Are Nyhammer
- Espen Midttun
- Jonas Valberg
- Marius Hallem
- Torgeir Apalset
- Vegard Pedersen
- Øyvind Leirgulen
Angrep:
- Eskil Kleppaker
- Sondre Andenæs
- Morten Vetti
- Vidar Apalset
|
 Vidar Apalset Er ein garantist for mål når han er med. Er svært effektiv og har ein tendens til å befinne seg til rett plass på rett tid. Kan avgjere kampar på eige hand, og er nok eigentleg litt for god for 6. divisjon. Er usikkert kor mykje han blir med i sesongen, og det vil Sandane2 få merke.... |
 |
Heimebane:
Sandane idrettspark (kunstgras). Ei av landets beste baner som er ei fryd å spele på. Alle bør glede seg Sandane-tur i år. Muleg enkelte kampar vil bli spelt på idrettsplassen |
 |
Draktfargar:
|

|
Heime - Blå trøye, blå shorts, blåe sokkar
Reserve - Kvit trøye, blå shorts, blåe sokkar |

|
Sandane2 sitt tabelltips ved Marius Hallem:

Symbol, samt inspirasjon er henta frå fjora.no
|