Hyen fekk som kjent med seg kun eit poeng heime mot Ahil2 sist, og det må kunne kallast svært skuffande. Laget spelte ein svært dårleg kamp, og det var som ein 11-åring kommenterte under kampen "det ekje nåke kjekt å sjå på når det berre blir innkast!" Det var offensivt at ingenting stemte for laget sist. Hyen hadde ballen svært mykje rundt midten, men ein klarte svært sjeldan å skape nokre sjansar ut av det. Dette skuldast nok både at midtbana ikkje var kreativ nok, men det er som kjent eit løp som skal utløyse ei passning og ikkje omvendt, og der ligg nok mykje av problemet. Det var ingen tvil om at heimelaget mangla toppscoraren sin Roger Nordal, og når også ein svært kreativ midtbanemann i Anders Klungre også var vekke var det ikkje vanskeleg å sjå at Hyen-laget mangla noko.
Sjølv om kampen sist var ei negativ opplevelse så fungerte forsvar sist svært godt. Dette skuldast nok likevell mest at Ahil2 hadde svært lite å by på, men når dei ein sjeldane gong kom framover stod Håkon Solheim fram og saman med resten av den bakre firar nøytraliserte dei nesten alt av det som kunne bli sjansar for Ahil2. Even Hallem har vell knapt hatt ein rolegare dag som keeper. Likevel fekk bortelaget eit mål, men det kom på ei kontring som eit resultat av at Hyen flytta opp mykje folk, og det er berre sånt som skjer.

Utfordriga i denne kampen blir som ein har masa om så mange gongar før. "Ta ned ballen, ta det med ro og slå den til nærmaste medspelar!" Klare Hyen å få til dette er ein langt på veg. For tida blir alt for panisk, og ballen skal som regel spelast så langt fram som muleg ved første og beste anledning. Klare ein å ta ned ballen og bruke nokre trekk ekstra vil ein og få flytta opp laget, og soleis vil ein også kunne skape langt farlegare sjansar.
Når det gjeld Florø3 så dei altså laget som leiar avdelinga, men i det siste har dei hatt ein svak periode. Dette kan nok skuldast at laget har mista ltt motivasjon etter at det blei klart at dei ikkje kunne rykke opp utan at FSK2 gjorde det samme. Men ein skal uansett være klar over at laget har spelt 4 av dei 5 siste kampane sine på bortebane, og soleis kan noko av den dalande formkurva enkelt og greit skuldast at dei som så mange andre 6. divisjonslag ikkje er så gode borte! Likevel ser det noko merkeleg ut at eit lag som leiar avdelinga kan prestere å gå frå 9-2 heime til å tape 2-8 borte i neste kamp!
Florø3 spesielt sterke på heimebane, og dei står med heile 7 strake sigrar på kunstgraset i Florø før denne kampen. Dei knuste Hyen 6-1 på samme bane i mai, og laget har nok god tru på at dei skal ta sine 8. strake heimesiger. Ikkje berre har Hyen slete i det siste, men laget slit som regel alltid på bortebane. På dei siste ti kampane har laget kun vunne 2 kampar, så det er klart at det er lite som tyder på at dette skal kunne bli ein spennande kamp!
Det positive er uansett at Hyen ikkje har noko å tape i denne kampen. Her må ein berre prøve å løfte seg spelemessig, og så får ein berre ikkje tenke over om heimelaget skulle putte nokre gongar. Vi reknar med at kampen går på kunstgras så då er det berre til å sleppe seg laus og gjere så godt ein kan og prøve å ha det kjekt ilag. Så får eventuelle poeng berre bli ein stor bonus!