|
På tide med nye poeng
Hausten sig sakte, men sikkert innover oss og enten ein likar det eller ikkje so går ein no inn i sluttfasen av årets fotballsesong. To tredjedel av årets kampar er ferdigspelt og ettersom avdelinga spelar trippel serie byrjar ein no "på nytt" og spelar dei fem same kampane som ein starta sesongen med. For Hyen sin del betyr det at det ventar heimekamp mot Ahil2!
| Publisert 25. august 2008. |
|

Skal ein oppsummere årets sesong før ein no går inn den avsluttande fasen så kan ein slå fast at avdelinga ser ut til å være endå jamnare enn spådd, og at på heimebane so kan alle slå alle! Florø3 merka seg klart ut i starten som det suverene topplaget, men på bortebane har også dei trøbla, og Tambarskjelvar kjem no snikande innpå i kamp om avdelingssigeren. Likevel ser det ut til at naustedølingane uansett skal stikke av med opprykket etttersom Florø2 ikkje ser ut til å gje Florø3 den hjelpande handa dei treng!
VS.  
Hyen får altså besøk av Askvoll/Holmedal2 i den 11. serierunda. To lag som aldri før har møtt kverandre, men i år har dei spelt mot kverandre både heime og borte. Gjestane er faktisk det einaste laget Hyen har tatt poeng mot i begge kampar, og Hyens 2-1 siger heime vart fulgt opp med 4-2 siger på Hilvang! Ahil2 er også avdelingas svakaste bortelag og grøntrøyene har kun scora 2 mål på bortebane i år! Det luktar iallefall ein heimesiger av disse tala.......

Hyen har hatt ein "berg og dalbane" sesong! Vegen frå siger til tap har ikkje vore lang, og når ein var som høgast oppe og trudde at ein no for fullt skulle være med i opprykkskampen so kom kalddusjane sveipande over ein! Spesielt skuffande var det nok at ein kun klarte 3 poeng på dei tre heimekampane laget hadde rett før ferien. Heimetapet mot Tambar gjorde nok at alle opprykksplanar vart skrinlagde og når STIL nedhøvla hyarane med 9-1 i Friluftshelga følte ein seg vell meir som pissemaur som var blitt pissa på en hederlege idrettsutøvera! Når Gaular2 i tilegg sist vridde kniven nokre hakk ekstra med å sende Hyen heim med 0-5, så er det ingen tvil om at det no er på høg tid med ein siger for nordfjordingane!

Poengtapa og dei mange skuffande kampane i år er uansett ikkje tilfeldig. Hyen har slete veldig med å få samla folk til trening, og sjølv om treningsoppmøte aldri har vore imponerande i Columbus-bygda so har det nok vore ekstra ille i år. Sidan vårsesong vart avlsutta har vel laget knapt hatt ei skikkeleg trening, og våren var vell heller ikkje prega av altfor mange treningar med trøkk og høg innsats! Men dette er ikkje enkelt å gjere noko med i ei lita bygd, og når det kun er 3-4 spelarar som til dagleg befinn seg i Hyen så er det nok ei stor utfordring i framtida å få gjort noko med dette problemet!
Likevel får ein håpe at samtlege spelarar på laget går i seg sjølv og ser om det ikkje er muleg å prioritere fram ein dag med fotballtrening. Forhåpentlegvis får ein også med litt fleire spelarar til neste år og då håpar vi på ein ny giv for eit lag som for tida ligg litt i eit ustabilt sideleie!
|
 Foto: hyenfotball.com Ein nygift spelande trenar er klar for å lede Hyen til seier mot Ahil2. Hyenfotball.com gratulerar det lykkelege brudeparet med giftermålet!!
|
Det er sjølvsagt spenning rundt kor mange a-spelarar Ahil2 tek med seg til Hyen. Førstelaget spelte kamp mot Sandane søndag, og dei som ikkje spelte den kampen er i utgangspunktet tilgjengelege. Likevel er det nok lite sannsynleg at det blir så mange av dei ettersom dei fleste av disse spelarane bur vekke og dermed ikkje blir henta heim til ein 2. lagskamp. Faren for dette er nok heller ikkje spesielt stor med tanke på at denne kampen går på bortebane i Hyen! Frode Hovden kan ikkje spele denne kampen ettersom han sonar karantene etter å ha fått sitt tredje gule for sesongen borte mot Sandane2 sist.
Hyen mangla som vanleg nokre spelarar sist og, men det var nok ekstra merkbart at det var sentrale spelarar som Åsmund Ommedal, Anders Klungre og Roger Nordal som mangla. Til denne kampen er Ommedal tilbake frå "honeymoon", men både Klungre og Nordal manglar fortsatt i tilegg til at både Øyvind Larsen, Hans Otto Holme og Stein Are Eimhjellen manglar sidan sist. Det betyr ein tropp på 14 spelarar. Coachen har tatt ut følgjande lag: |
Lagoppstilling (4-5-1):
Even Arne Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Håkon Solheim Ola Alexander Lilloe-Olsen; Tommy Folkestad, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Geir Kjetil Aa Hope, Karl Erik Holme; Morten Hjelmeland.
Benken: Karl Erik Utheim, Jon Magnus Dyrnes og Andreas M. Kvalheim.
Dommar i kampen er dommarveteran Ragnar Åmot frå Jølster, og då er det ingen tvil om kampen er i trygge hender!

Vêrmeldingane i Hyen på tirsdag viser at det ser ut til å bli glimrande forhold. Prognosane seier strålande sol, 16°C og lett bris i lufta!
Elles blir det kiosk med både vaffler og kaffi, og vi håpar at Hyarane møter opp for å få med seg bygdas stoltheit!
Neste kamp for Hyen blir det bytur når bruntrøyene på tabelltopp ventar i kystbyen! Neste heimekamp er 9. september då Tambarskjelvar tek turen. Kampstart då er 18:00 på hyegrusen!
| HYEN - ASKVOLL/HOLMEDAL2Hyen Sentralidrettsanlegg, 6. mai kl 19:00 |
| Siste fem for heimelag |
|
Siste fem for bortelag |
| 19.08 |
Gaular2 |
*0-5 |
|
19.08 |
Sandane2 |
*0-7 |
| 24.06 |
Tambar |
2-4 |
|
12.08 |
Tambar |
4-1 |
| 20.06 |
Sandane2 |
7-3 |
|
24.06 |
Florø3 |
2-1 |
| 17.06 |
Florø3 |
0-2 |
|
17.06 |
Gaular |
*0-4 |
| 10.06 |
Ahil2 |
*4-2 |
|
10.06 |
Hyen |
2-4 | |
| Heimelagets 10 siste heime |
|
|
| |
| Bortelagets 10 siste borte |
|
| |
| Tabellposisjon |
Form i år |
| 4. |
Hyen |
10 |
|
3 |
0 |
2 |
15-12 |
|
1 |
0 |
4 |
9-21 |
|
24-33 |
12 |
| 5. |
Askvoll/Holmedal2 |
10 |
|
2 |
2 |
1 |
10-8 |
|
0 |
1 |
4 |
2-16 |
|
12-24 |
9 | |
| 2 |
0 |
3 |
13-18 |
6 |
| 2 |
0 |
3 |
8-17 |
6 | | |
| Innbyrdes siste 5 sesongar |
Reiseavstand |
| 2003 |
2004 |
2005 |
2008 i Hyen |
2008 |
| - |
- |
- |
2-1 |
4-2 | |
124,0 km | | |
|
|
|
|
Tips for dei andre kampane Her kjem våre tips for kampane i 6. divisjon avd. 2 i 11. serierunde:
|
| |
| GAULAR2 - TAMBARSKJELVAR Osen stadion, 26. august kl 19:00 |
| Siste fem for heimelag |
|
Siste fem for bortelag |
| 19.08 |
Hyen |
5-0 |
|
19.08 |
Florø3 |
8-2 |
| 12.08 |
Florø3 |
*2-9 |
|
12.08 |
Ahil2 |
*1-4 |
| 08.08 |
Sandane2 |
*5-6 |
|
24.06 |
Hyen |
4-2 |
| 17.06 |
Ahil2 |
4-0 |
|
17.06 |
Sandane2 |
*1-3 |
| 10.06 |
Tambar |
3-5 |
|
10.06 |
Gaular |
*5-3 | |
| Heimelagets 10 siste heime |
|
|
| |
| Bortelagets 10 siste borte |
|
| |
| Tabellposisjon |
Form siste 5 |
| 6. |
Gaular2 |
10 |
|
2 |
1 |
2 |
15-10 |
|
0 |
1 |
4 |
10-23 |
|
25-33 |
8 |
| 2. |
Tambarskjelvar |
10 |
|
4 |
1 |
0 |
16-4 |
|
2 |
0 |
3 |
12-20 |
|
28-24 |
19 | |
| 2 |
0 |
3 |
19-20 |
6 |
| 3 |
0 |
2 |
19-14 |
9 | | |
| Innbyrdes siste 5 sesongar(Gaular a-lag) |
Reiseavstand |
| 1999 |
2002 |
2008 i Naustdal |
2008 |
| 3-0 |
6-0 |
0-3 |
3-5 | |
33,6 km | |
| Vurdering |
|
Gaular2 er eit lag som er vanskeleg å spå. Laget varierar veldig i prestasjonanae, men om det skuldast a-spelarar som er til og frå, eller om det berre er litt generelt "opp og ned" kan vi ikkje sei såmykje om. Men dei er som dei andre laga i avdelinga klart best heime. Sist knuste laget Hyen 5-0, men om Gaular2 var meir god enn Hyen var dårlege er vi usikre på. No ventar nok ei langt tøffare oppgåve, og Tambar vann 5-3 då dei var i Osen sist!
Tambarskjelvar er som vi har sagt før eit spennande lag. Slik vi ser det er dei nok også heilt klart det laget i avdelinga som har størst potensiale og mest å gjere i 5. divisjon. Sist knuste dei serieleiaren Florø3 i kunstgrasopninga på Naustdal Stadion med heile 8-2. Det resultatet står det stor respekt av, og det er berre til å gratulere Naustdal med ei strålande bane og eit godt fotballag. Utfordringa i denne kampen blir sjølvsagt å få beina ned på jorda. I 6. divisjon går det mykje opp og ned, og her må Tambar passe ekstra på so dei ikkje går på trynet!
To lag som begge kjem frå solide sigrar sist! Tambar har ikkje imponert borte, men vann sist dei var i Gaular og då dei også kontrollerte inn 3-0 siger heime, så har vi god tru på ein ny 3poengar til bortelaget. Det kan fort bli ein ja mn kamp, men så lenge gjestane "fokuserar" og "konsetrarar" seg like sterkt som dei gjorde mot Florø3 så må det jo berre bli grønngul gevinst! 2-6? | |
|
|
| |
| SANDANE2 - FLORØ3 Idrettsplassen, Onsdag 27. august kl 19:00 |
| Siste fem for heimelag |
|
Siste fem for bortelag |
| 19.08 |
Ahil2 |
7-0 |
|
19.08 |
Tambarskjelvar |
*2-8 |
| 08.08 |
Gaular2 |
6-5 |
|
12.08 |
Gaular2 |
9-2 |
| 20.06 |
Hyen |
*3-7 |
|
24.06 |
Ahil2 |
*1-2 |
| 17.06 |
Tambar |
3-1 |
|
17.06 |
Hyen |
*2-0 |
| 10.06 |
Florø3 |
*2-3 |
|
10.06 |
Sandane2 |
3-2 | |
| Heimelagets 10 siste heime |
|
|
| |
| Bortelagets 10 siste borte |
|
| |
| Tabellposisjon |
Form siste 5 |
| 3. |
Sandane2 |
10 |
|
4 |
0 |
1 |
22-11 |
|
1 |
1 |
3 |
8-13 |
|
30-24 |
16 |
| 1. |
Florø3 |
10 |
|
5 |
0 |
0 |
29-7 |
|
2 |
1 |
2 |
11-14 |
|
40-21 |
22 | |
| 3 |
0 |
2 |
21-16 |
9 |
| 3 |
0 |
2 |
17-14 |
9 | | |
| Innbyrdes siste 5 sesongar |
Reiseavstand |
| 2004 |
2005 |
2006 |
2008 |
2008 i Florø |
| - |
- |
- |
1-3 |
2-3 | |
98,3 km | |
| Vurdering |
|
Sandane2 har gjort det omtrent som forventa i år, og laget ser ut til å stige i form utover sesongen i likheit med a-laget. Stamma i laget ser ut til å ha vore nokolunde den same, og det er nok også den rette måten å styre eit andre lag på. Ved å gje unge spelarar tillit og mykje speletid vil dei også automatisk bli betre fotbalspelarar. 7-0 heime mot Ahil2 sist var veldig sterkt uansett, og det blir spennande å sjå kva det unge Sandane2 laget kan få til mot topplaget i avdelinga.
Florø3 har vore den store avdelings favoritten, og laget har også vist seg fortent den tilliten. Spesielt i starten av sesongen virka laget å være i ei eiga klasse. Men etterkvert som det vart klart for dei 3. beste frå kystbyen at dei ikkje kunne rykke opp utan at 2. laget rykke opp så kan det vikre som motivasjonen også har sunke nokre hakk. Blant anna klarte laget å få 3 røde korte i bortekampen mot Ahil2, og det seier nok sitt om at dette er eit skikkeleg humør-lag. Kor mykje dette laget spelar fotball på gras iløpet av ein sesong spørs nok, og korleis trøtte Florø3-bein takla ei tung grasbane er vi spente på å sjå. Kan vell fort bli kort av farge rødt på nytt det her!
Det vart 1-3 siger til Florø sist dei var på Sandane, og 3-2 siger heime i Florø. Men no ventar nok ei langt tøffare oppgåve! Sandane2 har vunne begge sine to etter ferien og laget ser berre ut til å bli betre og betre. At skulane er i gong er heller ikkje negativt, og det betyr nok at laget har fått trena ekstra og kanskje også fått på plass nokre forsterkningar! Vi t rur Florø3 går på sin tredje bortesmell i år, og STIL2 fortsette den gode trenden! 4-2? | |
Prematchmal er henta frå fjora.no
| | | |

|