MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Nyhetsarkiv januar - april 2009

Stilpusane dreg til Hyllestad »

Ettersom Hyen tjuvstarta den andre serierunda i 6. div. avd. 2 med å spele sin kamp på fredag er det berre eit oppgjer i avdelinga denne tirsdagen:

HYLLESTAD - SANDANE2    
Hyllestad idrettsanlegg, 28 april 19:00
Dommar: Karl Inge Wolff (Hyllestad)


Vurdering:
Hyllestad er eit nytt lag i 6. divisjon i år etter at dei ikkje kunne stille lag i 2008 og 2007. I år har laget ein stor og god stall med ein fin mix av ungt og lovande og litt meir rutinert og gamalt. Laget har i tilegg hatt gode resultat i vinter og har slått Gaular2 først heime før dei knuste same lag borte med heile 4-0. Kombinasjonen av dette har og medført at vi har god tru på Hyllestad i år og har tippa dei heilt oppe på 2. plass (les meir om det her). Hyllestad spelte tirsdag årets første kamp i 6. divisjon då dei vann 3-1 borte mot Anga. Anga har vi tippa i botn av tabellen, men dette var uansett eit sterkt resultat av Hyllestad og nettopp Anga er eit lag dei har slite med på bortebane før og viser nok med det at dei blir å rekne med i år.... 

Sandane2 er i våre augne årets seriefavoritt. Dei har eit ungt og spennande lag med mange talentfulle spelarar. Samtidig er også laget veldig bra samspelt då dei over lang tid har fått treent mykje og bra i lag. (Les meir om vår vurdering av laget her.) Sandane skulle eigentleg ha opna sesongen heime mot Gaular2 tirsdag, men den kampen er blitt utsett til 2. mai. Hyllestad har allereie sikra seg tre poeng, og har nok allereie satt litt press på dei andre laga i avdelinga som ønskjer å ta førsteplassen. Sandane2 er i høgste grad ein av disse, og med tap her vil dei være heile 6 poeng bak Hyllestad!

Ut i frå det vi har spådd er dette eit av årets toppoppgjer! Vi trur dette blir ein svært jamn kamp, og på eit svært uvant og spesielt underlag kan nok dette bli ei stor utfordring for Sandane2. Hyllestad spelar sin første heimekamp på tre år, så her kjem nok bygdefolket til å støtte godt opp og då blir det spennande å sjå korleis Sandane2 taklar dette. Vi trur likevel Sandane2 har sopass mykje kvalitet i laget at dei tar det lengste strået, men får dei ei tidleg leiing imot kan det fort bli nokre stressa små stilpusar mot harde hyllestadoksar! 1-2?

Publisert 27 april 2009

309 minutt med "clean sheet"! »

Då Hyen slapp inn 1-1 målet sitt mot Gaular2 i årets første seriekamp var det faktisk lagets første baklengsmål på 309 minutt! Laget stod med "clean sheet" sidan første omgong i treningskampen mot Breim 15. februar. Spørsmålet er om dette kan være ny lagsrekord!? Mest truleg er det det, men ettersom det er snakk om treningskampar så vil det vell ikkje være tellande uansett!

Det seier uansett mykje om at både forsvarsspelet og ikkje minst at Hyens keeper Even Hallem har tatt store steg sidan forrige sesong. I 2008 slapp Hyen inn heile 44 mål på 15 kampar, noko som tilsvarar at ein slapp inn 3 mål i snitt kvar kamp. Forhåpentlegvis blir den statistikken lysare i år samtidig som ein også scorar fleire mål!

Publisert 25 april 2009


Hyen - Gaular2 1-1 »

Hyen starta årets sesong med å ta imot Gaular2 heime på grusen. Hyen mangla ein del spelarar samtidig som også enkelte av dei som starta sleit med småskadar.

Ettersom Gaular2 og kom med fem spelarar frå a-laget var det nok mange som venta at Hyen ville få ein tøff kamp! Men heimelaget fekk ein draumestart på sesongen med scoring etter berre tre minutt! 

Etterkvert blei det ein svært spennande og jamnspelt kamp og at det enda 1-1 var nok eit greit resultat! Stillinga til pause var 1-0
!

Les heile saken! (Publisert 24 april 2009)


Live: Hyen - Gaular2 (1-1 - Slutt!!)»

Vi kjem til prøve å oppdatere litt undervegs iløpet av kampen. Blir utgongspunktet kun oppdateringar når det blir mål og eventuelle andre viktige hendelsa:
00. min Dagens dommar er Fredrik Helland frå Florø SK.
01. min Kampen er i gong....
03. min 1-0!! Jens Robert Hope gjev Hyen ei draumeopning med ei lompe frå 20 meter!
14. min Gaular2 er komt litt meir med i kampen no, men fortsatt 1-0!
18. min Stor sjanse til Hyen ved Jens Robert Hope! Burde stått 2-0 der!!
20. min Åsmund Ommedal skyt i stolpen!!
21. min Gaular2 kjem til ein bra sjanse og får fyrt av eit farlig skudd, men fortsatt 1-0!
30. min Øyvind Larsen scorar, men med handa så målet blir korrekt annulert!
37. min Det er ein svært jamn kamp, men Gaular2 har ikkje skapt det heilt store!
45. min Dommaren bles av første omgong og laga går til pause med 1-0 til Hyen!
46. min 2. omgang er i gong...
62. min Er ein veldig jamn kamp og det bølgar mykje fram og tilbake!
73. min Kampen held seg i samme sporet. Mykje poleballar og lite finspel....
80. min 1-1!! Gaular2 får straffe, Hallem reddar først, men returen blir sett i mål!
83. min Gaular2 trykke på no, og ser ut til å være nærast alle poenga! Spennande!!
90. min Slutt!! HYEN - GAULAR2 1-1
90. min Hyen hadde eit massivt press på slutten, men det endar med 1-1!

Publisert 24 april 2009. Sist oppdatert 24. april 20:42.


Prematch: Hyen - Gaular2 »