|
|
|
Hyen - Hyllestad 3-6
Årets sesong i 6. divisjon avdeling 2 skulle avsluttast då Hyen tok imot Hyllestad på hyegrsuen. Heimelaget skulle etter planen vinne 11-0 og med det snike til seg tredje plassen, men i staden endte det med eit svært pinleg 3-6 tap. Første omgong blei øydelagt av tre "vannvittige" tabbar og når ein ikkje gadd å markere Hyllestad sine angripera etter pause så blei det ein leikande lett siger til bortelaget. Det er nesten så vi begynne å lure litt på kva enkelte hyara hadde røyka før den her kampen! Stillinga til pause var 1-3!
| Publisert 8. oktober 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. |
|
|
 |
Dagens Hyen-stjerne: Anders Ommedal |
 |
 Foto: hyenfotball.com Ommedal er ein av svært få som kan sjå tilbake på denne kampen med æra i behold! Han gav aldri opp og fortsette å ta intiativ og gå på løp sjølv om pasningane enten eller aldri kom fram eller blei slått så seint at dommaren var nødt til å blåse av for offside. Når han også på komando gjekk fram og scora på slutten så er dei tre stjernene fullt fortent! |
Eit par timar før kampen låg ein nysladda og perfekt hyegrus å bada i sol. Men i det spelarane skulle begynne på oppvarminga begynte det å ause ned. Dette gjorde sitt til at det blei vanskelege speleforhold med mykje overvatn, men det var likevell ikkje umulig å klare å spele fotball på bana. Eller det skulle vise seg å være det for det eine laget...
Hyarane var veldig sugne på å få seier i denne kampen og trøkka til frå start, og skapte umiddelbart ein god sjanse. Men allereie etter fire minutt så følge ikkje heimelaget med på eit innkast og bortelaget sin spiss får komme aleine igjennom og lobbe ballen enkelt over keeper. Bokstavleg talt ein skikkeleg kalddusj!
Men at Hyen slepp inn veldig unødvendige mål er ikkje noko nytt så her var det berre å riste av seg skuffelsen. Kun to minutt etter får Hyen frispark. Bortelaget sin mur er ganske så feilplassert og Ola Alexander Lilloe-Olsen får ein enkel jobb med å skru ballen rundt muren og i nærmaste hjørne.
Dermed fornya tru i hyeleiren og no forventa vell alle at heimelaget verkeleg skulle trøkke på! Men i denne kampen var det veldig veldig lite som fungert og spesielt sentralt på midten hang Hyen ikkje ihop i det heile. Dette er som alle veit det viktigaste området på heile bana og når ein her aldri klarte å fungere ilag fekk bortelaget ein enkel jobb. Spesielt dei rødes kaptein Steffen Wolff herja i denne kampen. Han var totalt overlegen på midten og kledde fullstendig av hyarane si sentrale midtbane samtidig som han pissa dei iskladt opp etter ryggen.
Bortelagets dominans på midten førte sjølvsagt til at dei også fekk sjansa framover, men sjølv om avsluttningane knapt kan kallast avslutningar så trilla dei inn gong på gong! Dermed stod det 3-1 til karane frå ytre sogn til pause.

I andre omgong så er det vanskeleg å sei kva som skjer med heimelaget. Men i ein tolv minutts periode i omgongen verkar det som ein del hyara vart slått av umiddelbar handlinslammelse. Hyllestad sine spelarar fekk blant anna lov å stå umarkert på corner og springe rett igjennom forsvaret på pasningar slått av upressa Hyllestadværinga.
Det Hyen prøvde på i denne omgongen kan knapt kallast forsøk på å spele fotball. Dei blå ut på bana var prega av fullstendig kommunikasjonsvikt og sprang stort sett i veien for kverandre eller rota det til på anna måte ved at ein ikkje klarte å sei ifrå dei tre enkle orda "her er eg"!
Å spele fotball på samme måte (faktisk enda dårlegare og) som ein gjorde i frimminutta på barneskulen funkar ikkje sjølv i 6. divisjon. Når ein spela ein viss formasjon så må ein og forholde seg til dette og ikkje gå å vase rundt der det passar ein. Samti
| | | | |