|
Hyen - Gaular2 6-3
Hyen avslutta sesonge med ein komfortabel seier heime mot Gaular2. Heimelaget spelte ingen spesielt god kamp, men bortelaget var sopass svake at tre poeng vart sikra uten at Hyen leverte noko særleg godt spel. Effektiviteten var i dag langt betre enn den har vore resten av hausten og dermed blei det altså ei fin sesongavslutning! Stillinga til pause var 1-1.
| Publisert 23. september 2008. |
|
|
Dagens HIL-stjerne: Anders Klungre
 Foto: hyenfotball.com Som alltid ein stor kamp av Klungre! I dag var han nok også heilt avgjerande for at Hyen fekk med seg alle poenga og 3 mål seie sitt om det! Strålande Anders, du e god!:) |
Alt var duka for årets siste kamp. Hyen hadde fortsatt til gode å ta ein trepoengar i haustsesongen, utanom dei tre poenga laget fekk etter at Askvoll/Holmedal2 stilte med ein spelar som skulle ha sona karantene. Dessverre for Hyen var midtbaneelegant Ørjan Gjesdal ute etter at han fekk eit brudd i handleddet under forrige kamp. Håkon Solheim, Jon Magnus Dyrnes, Karl Erik Utheim, Øyvind Larsen og Olav Klungre var heller ikkje med, men Mats Henrik Solheim skulle få sin sesongdebut! Sola var så vidt gått ned då kampen kom i gong etter ei god Hyen-oppvarming.
Hyen starta kampen bra. Gaular2 hadde til tider problem med å få ballen over på Hyen sin banehalvdel! Det vart mange lange ballar frå Gaular2, som forsvaret til Hyen hadde god kontroll på. Sjølv om Hyen fekk mykje rom, sleit laget med å få hol på byllen. Det meste av spelet føregjekk lengst ute på Gaular sin banehalvdel, og det klumpa seg dessverre når laget kom nært mål, og Gaular2 sin keeper plukka lett opp. Gaular2 skulle faktisk få den første store sjansen etter eit kvarter, då dei fekk avslutta frå 14 meter - i tverrliggjaren!

Etter 25 minutt kom likevel det første målet. Morten Hjelmeland kriga godt inne i feltet, som resulterte i ein hands på ein Gaular2-spelar, og straffe! Anders Klungre fekk nok ein gong jobben med å ta straffe, og han sette den rimelig utagbart oppe ved tverrliggjaren. 1-0!

I tillegg til dette hadde Hyen fleire gjennomspel som vart avblesne på grunn av offside, nokre gonger av den hårfine sorten. Hadde ikkje det vore tilfelle, kunne Hyen fort ha leda minst 3-0. I staden var det Gaular2 som skulle få mål etter 40 minutt, då dei fekk avslutta frå 20 meter, eit flott skudd som skrudde heilt oppe i krysset! Even Hallem var på ballen, men klarte ikkje å forhindre scoring. Det ebba ut med 1-1 til pause.

2. omgang skulle bli ei mykje meir fartsfylt og underholdande forestilling. Frå første spark var det to offensive lag som ville ha mål. Gaular2 var først ute med ein stor sjanse, då dei fekk avslutta i krysstolpen frå skrått hold! Like etter scora dei 2-1. Eit innlegg frå høgre glei inn mellom forsvaret og keeper, og ein Gaular 2-spelar på bakerste stolpe fekk ein enkel jobb med å nikke ballen i mål.
Hyen brukte likevel ikkje lang tid på å snu. Eit framspel mot Mats Henrik Solheim gjekk til Åsmund Ommedal, som la ballen til Anders Klungre på det høgre hjørnet av 16-meteren. Han fekk til eit sleivskudd som trilla inn i det lengste hjørnet! 2-2!

No var Hyen på hugget. Ein corner havna midt inne i feltet, og eit skudd vart såvidt redda av ein Gaular2-spelar på streken! Dei fekk klarert og kontra rett i angrep på venstrekanten. Etter kvart kom ein spelar åleine med keeper, og rulla ballen forbi Even Hallem og i mål! Gaular2 hadde gjort det igjen!
Men Hyen visste at dei hadde det dei trengde for å vinne denne kampen. Få minutt etter fekk Ola Alexander Lilloe-Olsen ballen frå Åsmund Ommedal, og frå 20 meter sende han av gårde eit skot som fann vegen til nettmaskene, heilt ute til venstre for keeper i Gaular 2-målet! 3-3! Det er ikkje kvar dag Hyen-publikummet får servert så mange mål!

Så var det duka for 4-3 til Hyen. Eit langt framspel gjekk til Geir Kjetil Aa Hope, som vann duellen mot Gaular2 sin høgreback. Resultatet var at Anders Klungre fekk fri passasje på venstrekanten. Han fossa framover og avslutta under Gaular2-målvakta. Hyen var igjen i ledelsen!
Endeleg skulle Hyen få avgjere kampen. Eit framspel vann vegen via Geir Kjetil Aa Hope til Morten Hjelmeland, som kom seg forbi keeper og satte ballen i mål frå spiss vinkel! Det var veldig kjekt for spissen, som med det fekk sitt første mål i Hyen-drakta. Ikkje lenge etter skulle Morten Hjelmeland få nok eit mål! Eit framspel vart perfekt stussa vidare av Åsmund Ommedal, og Morten Hjelmeland vippa ballen elegant over ein utrusande keeper. 6-3, og det vart òg sluttresultatet. Hyen fekk med det ei fin sesongavslutning, og enda opp på 4. plass i årets sesong!

Bilde frå kampen Film frå kampen Referat frå Gaular si heimeside
|
Lagoppstilling Hyen (4-5-1): Even Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Stein Are Eimhjellen, Karl Erik Holme; Tommy Folkestad, Anders Klungre, Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Morten Hjelmeland.
Benken: Geir Kjetil Aa Hope og Mats Henrik Solheim.
Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no |

|