|
|
|
Hyen - Gaular2 8-1
Hyen knuste Gaular2 på hyegrusen søndag ettermiddag. Heimlaget tok kommando frå start og lot aldri gjestane kom inn i kampen. Utover i andre omgong utvikla det heile seg til ein stor målorgie der heimelaget fort kunne scora minst fem-seks mål til. Det skal seiast at motstanden var av den dårlege sorten, men det var uansett veldig deilig for Hyen at det løsna i denne kampen, etter å ha hatt eit par veldig dårlege kampar i det siste. Stillinga til pause var 3-0!
| Publisert 13. september 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen |
|
|
 |
Dagens Hyen-stjerne: Øyvind Magnus Solheim |
 | 
Foto: hyenfotball.com Sjølv om det vart ein kamp der meste føregjekk på bortelagets banehalvdel så skal Hyen sitt forsvar ha stor skryt for at dei var konsentrerte og nesten aldri lot Gaular2 sleppe til. Hærførar var Øyvind Magnus Solheim, og han gjekk foran med forbildeleg innsats og gode tacklingar! Men det skal seiast at det var mange gode på Hyen sitt lag i denne kampen, og soleis og mange som fortjente stjerner! |
Hyen starta dagen med RBK-inspirert oppvarming, og når kampen kom i gong fortsette heimelaget i samme sporet. Anders Klungre kunne gitt hyarane leiinga allereie etter to minutt, men samme Klungre gjorde det han skulle berre nokre minutt seinare. Like etter dukka debutanten Jonas Holme opp og auka leiinga, og derifrå og ut var heimesigeren aldri trua. (Går ikkje noko nærmare inn på korleis måla kom då den heilt klart beste måten å få beskrive dei på er ved å enkelt å greit sjå dei i klippet under!)
Gaular2 hadde svært lite å stille opp med, men kunne skapt litt spenning i kampen då dei bomma på ein utruleg dobbelsjanse like etter pause. Men sjølv om det butta imot for bortelaget så skal dei ha skryt for at dei var med å skapte ein god tone i kampen og kampens einaste gule kort kom då ein gaularværing tok i bruk eit ord som var i drøyaste laget sånn rett etter kirketid.
Det viktigast for Hyen i dette oppgjeret var at laget klarte å score tidleg. I braktapa mot både Hyllestad og Anga, kunne Hyen leda 2-0 om ein hadde sett sjansane i starten av kampane. Når det då vart uttelling ganske raskt her så senka hyarane skuldrene og samtidig auka optimismen og trua på siger.
Utover i kampen spelte Hyen seg fram til mange gode angrep og spelarane på laget viste at berre dei tør å prøve så kan dei spele fin fotball langs bakken.
Sjølv om det blei 8-1 siger så har ein fortsatt mykje å jobbe med når det gjelde å sette sjansane. Var så mange som seks spelarar som bomma på 100%-sjansar, og totalt missa ein vell på eit to-siffra veldig store sjansar iløpet av kampen. Det positive er uansett at ein skapar så mange sjansar, og her skal midtbana til Hyen ha mykje skryt. Samtidig var forsvaret også flinke til å ta ned ballen og starte angrep, og då seier det seg sjølv at det også blir mykje lettare å produsere sjansar enn om det stort sett blir lange klareringar.
Ein god kamp av Hyen og det var nok viktig for spelarane å få ein kamp der det lykkast i begge endar. Bakover på bana har Hyen slite med dårleg kommunikasjon før i sesongen, men brødrene Solheim hadde full kontroll i midten, og med sikre backar som også bidrog offensivt så ser det ut til at Hyen har fått orden på forsvarsproblema som ein uten tvil har hatt med 37 baklengs tidlegare i år. Framover gjekk nesten alt langs bakken, og antall sjansar og mål viser tydeleg at dette er langt meir effektivt enn lange poleballar!
Sjølv om heimelaget mangla ein del spelarar så var det neppe nokon som spelte seg ut av laget og med fornya sjølvtillit så kan forhåpentlegvis Hyen gå ein god sesong-innspurt i møte.
Neste kamp er årets siste Él Gloppen når Sandane2 gjestar Hyen tirsdag 22. september!
Video frå kampen:
| 







| |
|

|
|
|
Lag |
Kampar |
Vunne |
Uavgjort |
Tap |
Mål + |
Mål - |
Poeng |
|

|
1 |
Sandane2 |
13 |
9 |
1 |
3 |
41 |
14 |
28 |
|
|
2 |
Hyllestad |
13 |
7 |
3 |
3 |
38 |
22 |
24 |
|
|
3 |
Anga |
13 |
4 |
5 |
4 |
28 |
28 |
17 |
|

|
4 |
Hyen |
13 |
5 |
2 |
6 |
28 |
38 |
17 |
|

|
5 |
Gaular2 |
14 |
1 |
3 |
9 |
20 |
53 |
6 | |
|
Fakta: |
Hyen - Gaular2 |
Publikum: 40 |
|
17. serierunde |
Søndag.13.september |
kl 15:00 |
|
Arena  |
Dommar  |
Kort  |
|
Hyen sentralidrettsanlegg (grusbane)
 |
Rune Haugland (Haugen IL)
 |
Eit til Gaular2 | |
|

|

|
Øyvind Magnus Solheim |
|
|

|
Anders Klungre |
|
|

|
Ørjan Gjesdal |
| |
Lagoppstilling Hyen
(4-5-1): ----------- Even Hallem ----------- Øyvind Larsen Håkon Solheim Øyvind Magnus Solheim Ola Andreas Ommedal ---------------- Jonas Holme Åsmund Ommedal Hans Otto Holme Anders Klungre Ørjan Gjesdal ---------------- Ola Alexander Lilloe-Olsen ---------------- Benken: Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal og Olav Klungre. |
 |
Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google. | |


Følg Hyen Fotball på


|
|
Lag |
K |
+ |
- |
P |
|

|
1 |
Sandane2 |
13 |
41 |
14 |
28 |
|
|
2 |
Hyllestad |
13 |
38 |
22 |
24 |
|
|
3 |
Anga |
13 |
28 |
28 |
17 |
|

|
4 |
Hyen |
13 |
28 |
38 |
17 |
|

|
5 |
Gaular2 |
14 |
20 |
53 |
6 |
Hyen er eit lag frå Gloppen i Sogn og Fjordane og spelar sesongen 2009 i 6. divisjon avdeling 2.

Kommande kampar 2009:
|
Dato |
Heime |
Borte |
|
22.sep |
Hyen |
Sandane2 |
|
29.sep |
Anga |
Hyen |
|
06.okt |
Hyen |
Hyllestad |

Høgdepunkt frå TVHyen:
|