MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Prematch: Hyen - Breim

 

Oppkøyringa til fotballsesongen 2010 er i gong, og denne helga har Hyen si første treningssamling for året. Å arrangere treningshelger var noko Hyen innførte for fullt før fjorårets sesong. Det viste seg å være ein stor suksess og derfor har ein bestemt for å køyre på for fullt i år og med tre samlingar før sesongen. Helga blir avslutta med treningskamp søndag, og som i fjor er årets første motstandar naborivalen Breimsbygda! Kampstart på Eid Idrettspark er 13:00.

Publisert 20. februar 2010 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.

VS.


Nesten samtlege hye-spelarar har kome heim til denne helga og totalt har 17 spelarar vore i sving til no. Det starta fredag med trening på Sandane Idrettspark. Baneforholda var langt ifrå ideelle, men i forhold ti

Fakta før kampen:

 

 

Treningskamp

.Søndag.21.februar

kl 13:00

Stadion

Dommar

Værmelding

Eid Idrettspark
(kunstgras)

Muhammet Barlla
(Heia IL)


-6°C
l alternativet som var hyegrusen med 40 cm issnø så kan ein ikkje klage.

Laurdag var det klart for spelarmøte i Arbeidskyrkja. Her gjekk årets trenarteam igjennom ein del aktuelle saker, og årets terminliste blei brukt ein del tid på. Med tanke på at Hyen har ein svært knapp spelarstall der 50% i tillegg bur utanfor Gloppen kommune så er ein heilt avhengig av å få tilpassa terminlista sånn at dei aktuelle datoane passar for flest mulig. Trenarteamet presenterte sitt forslag for spelarane, og dette var eit opplegg som spelarane var veldig positive til. Det viktige no er at dei andre klubbane i Hyen si avdeling går med på dei nye datoane.

Dagen blei avslutta med ei ny treningsøkt der fokuset var på dødballtrening og ei speleøkt der ein  prøvde å terpe på spelemønster. Blei ei stor utfordring å få til dette då forholda var


Marius Hallem blei under spelarmøte presentert som ny Hyen-kaptein i 2010 til stormande applaus! Med seg får han Håkon Solheim som visekaptein og disse to skal være Hyen sine postive forbilde denne sesongen! 

heilt på kanten av det forsvarleg å spele fotball på. Blant så hadde både Breim og Sandane avlyst sine fotballøkter på kunstgraset fredag kveld. Men alt i alt så har utbytte av dei to treningsøktene vore brukbart og håpe no er at ein klare å ta med seg noko av det ein har øvd på inn i kamp.

Søndag er det altså klart for årets første treningskamp, der motstandarlaget er gloppenaboen Breimsbygda. Rødskjortene går i år på sin tredje strake sesong i 5. divisjon, men sidan serieslutt i fjor har det skjedd mykje i meieri-bygda. Lagets mangeårige trenar Frank Larsen takka for seg, og dermed fekk styret i klubben jobben med å finne ny trenar. Dette blei nok ei vanskelegare oppgåve enn dei både hadde håpt og forventa, då det viste seg at alle namn på blokka ikkje var interesserte. Dermed måtte dei til slutt leite i eigne rekker og då enda dei altså opp på lagets keeper Stian Hjelle som no skal være spelande trenar.

Dette er sjølvsagt ikkje noko ideell løysning for laget, men som Hyen har nok Breim berre måtte innsjå at det ikkje er så lett å få nokon utanfrå til å ta på seg ein trenarjobb på dette nivået. Likevel så vil nok dette gå bra for Breim så lenge dei har eit støtteapparat rundt laget som gjer at trenaren kan fokusere fullt på det sportslege. Samtidig så er suksessen rundt dette også veldig opp til spelarane på laget, her må alle ta ansvar og ikkje forlange at alt skal dette ned i henda på ein!

Men den nye trenaren har nok dessverre fått ein verst tenkeleg start i si nye gjerning. Breim har nemleg opplevd ei massiv spelarflukt dei siste månadane. Ingar Sårheim, Kjetil Løkke Vie, Jens Jakob Bergheim og Aleksander Egge som alle var av dei mest sentrale spelarane på fjorårets lag har alle takka for seg og det betyr naturlegvis at årets Breim utgåve er sterkt svekka. Faktisk vil vi hevde at Breim per dags dato ser ut til å være det dårlegaste herrelaget i fylket som ikkje spelar 6. og 7. divisjon, og altså ein soleklar nedrykkskandidat frå si 5. divisjonsavdeling i år, dessverre!

Hyen har også mista ein del spelarar etter fjorårets sesong. Tommy Folkestad, Ørjan Akse, David Rygg og Jonas Holme går ikkje på noko ny sesong, men samtidig har ein fått inn to nye spelarar frå eigne rekker i Ole Jakob Mjellem og Eirik Klungre. I tillegg gror det godt bak disse, og med tanke på at alt tyder på at det blir kunstgras i Hyen i 2011 så ser framtida lys ut for Hyen.

Som med andre store klubbar så utnyttar sjølvsagt Hyen også muligheten til å ta i mot hospitantar i sesongoppkøyringa. Denne helga har heile fire nye fjes vist seg fram for trenarteamet og denne kampen her blir naturlegvis svært viktig for dei med tanke å få eit eventuelt kontraktsforslag!:P

Dette betyr naturlegvis at Hyen har ein svært solid tropp å velge i til denne kampen og coachen har nok sikla godt over laguttaket då han har hatt heile 18 namn å velje blant. Eit skikkeleg luksusproblem altso, som nok dessverre kjem til å blitt mindre utover årets sesong.

Kampen skulle opphavleg gå på Sandane Idrettspark, men pga. at forholda der ikkje er brukane er kampen blitt flytta til Eid Idrettspark som har undervarme og garantert grønt og fint gras. Kampstart er 13:00 og Muhammet Barlla frå Heia har fått det ærefulle oppdraget med å være pipeblåsar.

Hyen går ut i ein 4-5-1 formasjon og coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
-----------
Even Hallem
-----------
Håkon Solheim
Ola Henning Ommedal
Øyvind Magnus Solheim
Ola Alexander Lilloe-Olsen
----------------
Ørjan Gjesdal
Anders Klungre
Åsmund Ommedal
Marius Hallem
Anders Ommedal
----------------
Jens Robert Hope

----------------
Benken: 
Hans Otto Holme, Vegard Flatjord, Ola Andreas Ommedal, Roger Nordal, Arild Strømmen, Markus Ask og Ole Jakob Mjellem.


hyenfotball.com er utviklet av Ola Alexander Lilloe-Olsen

© hyenfotball.com. admin@hyenfotball.com. Ansvarlig redaktør: Ola Alexander Lilloe-Olsen
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til hyenfotball.com.