MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Hyen - Breim 6-2

 

Hyen starta fotballsesongen 2010 med årets første treningskamp mot Breimsbygda på Eid Idrettspark søndag ettermiddag. Litt kald vind gjorde det hustrigt før kamp men sola skein og speleforholda var nydelege på det fine kunstgraset. Det var sjølvsagt ei viss spenning rundt korleis dette vil gå ettersom det var første kamp og Breim er 5. divisjonslag, men akkurat skjønte ein fort at var lite å bekymre seg over. Hyen tok eit voldsom intiativ frå start og overkjørte totalt eit svært så bleikt Breim-lag. Intensiteten datt mykje utover i kampen, men Hyen var suverene og vann fullt fortent 6-2. Stillinga til pause var 3-1! 

Publisert 21. februar 2010 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.

Del

Årets første treningshelg skulle altså avsluttast med årets første treingskamp søndag ette

Dagens Hyen-stjerne: 
Marius Hallem



Foto: hyenfotball.com
Hyens  nye kaptein vise seg verkeleg verd si nye rolle i denne kampen! Sprang so eit "GFIL-vrak", leverte gode pasninga og sette også inn to fine mål! Viste at han er ei svært viktig brikke på Hyen sitt lag og syr veldig finta saman angrep frå start til slutt!

rmiddag, og som i fjor var det Breimsbygda som skulle være årets første motstandar. I 2009 fekk Hyen seg ei overhøvling av Breim då dei varta opp med svært effektiv fotball i den første omgongen og gjekk til pause med heile 5-0. Andre omgong var langt bedre og til slutt enda det opp med 5-3. Derfor hadde hyarane natrulegvis ein del å revasjere i denne kampen og ikkje minst pga. at det og blei 2-3 tap mot nettopp Breim i Friluftshelga i fjor. Men ein visste at Breimningane var svekka og ikkje minst kunne Hyen stille med noko i nærheten av sitt beste lag så trua på siger var absolutt stor.

Kampen skulle opprinneleg vore spelt på Sandane Idrettspark, men ettersom forholda der for tida knapt er brukande til fotball måtte oppgjeret naturlegvis flyttast. Valget blei ganske enkelt då Eid Idrettspark har undervarme og eit herleg, grønt kunstgrasteppe heile året.

Hyen gjekk ut sin etterkvert vidgjetne 4-5-1 formasjon, men det var ingen tegn til defensive fiber då dei blå sette i gong kampen. Laget trøkka til frå start og ein såg fort at det gjekk litt fort i svingane for enkelte breimningar! Hyen spelte seg hurtig framover langs bakken og kom tidleg til nokre halvsjansar. Stort sett var det dei sentrale midtbane-spelarane som kom i fint driv og sendte avgårde avsluttningar i nærheten av 16-meteren. Men Breim sin lovande keeper var med på notane og fekk avverga det første som kom!

Iløpet av helga som Hyen har brukt til trening på skøytebana på Myklebustflata så blei det blant anna terpa ein del på offensiv corner der alle fekk sine oppgåver. Derfor hadde hyarane eit håp om å få mange cornera slik at ein kunne få testa ut dette i praksis.

Etter ni minutt skulle den første komme. Hyarane fann sine posisjonar og corneren blei slått mot første stolpe kor det blei ei lita mølje, men breimningane vart so forvirra at ein av deira eigne klarte å sette ballen i eige mål. 1-0 og eit veldig gledeleg mål for Hyen. Her fekk ein uttelling på noko av det ein hadde trent på ved første anledning, og det er vell nettopp det som er meininga med å ha treningar.

Dette skapte naturlegvis ein glødd og veldig positiv go i laget og Hyen fortsette berre å pøse på! Breim sitt svar på hyens finspel var å klarere ballen så langt så mulig i håp om at den einsomme spissen på topp skulle klare å vinne duellane og krige til seg ballen. Ironisk nok var det nettopp etter ein slik situasjon 2-0 målet skulle komme. Lang ball opp på Hyens halvdel, men der var Øyvind Magnus Solheim konge i duellen. Andre ballen snappa Ola Alexander Lilloe-Olsen opp, han spelte kjapt opp på Anders Ommedal som passa fint inn til Marius Hallem som kom på løp i midten. Hallem tok med seg ballen nokre meter mot høgre før han avslutta perfekt med å klinke ballen ned i motsatt hjørne totalt utagbart for keeper! Rett og slett eit godt eksempel på eit prakt-angrep!!

Dette var sjølvsagt ein perfekt start for Hyen og måten måla kom på gjorde det heile veldig triveleg. Men Breim var no ikkje heilt vekke og dei fekk blant anna kjempa til seg eit par cornera. På ein av disse blei det litt for mykje musklar i sving inne i feltet og når ein Breimning datt i bakken og i samma slengen hylte so han skulle hatt fire bein så peikte dagens dommar Muhammet Barlla kontakt på det manglande straffemerket.

Raymond Niirainen stilte seg opp og sendte avgårde ei glimrande straffe oppe i høgre vinkel bak ein sjanselaus Even Hallem!

Breim håpte kanskje no at redusering skulle inspirere dei nok til at jakta på utlikning kunne starte, men allereie no begynte rødtrøyer å hangle litt og det såg ut til at lyskestrekkane låg og skalv i vannskorpa på fleire. Dei hang i alle fall etter, og når Marius Hallem sette fart kunne han nesten tatt ei ekstra runde rundt motstandaren etter at han hadde passert dei, utan å miste ballen. Det var iallefall lite som vitna om at det var Hyen som hadde hatt treninghelg og soleis burde ha litt tunge bein.

Drøyt midtvegs ut i omgongen var breimningane nok ein gong på etterskudd. Roger Nordal som nettopp var komt på bana var på hugget inne i boksen og blei regelrett dratt ned i bakken. Dermed hadde dommaren lite valg om han skulle være konsekvent og soleis var det klart for dagens andre straffe.

Anders Klungre var iskald og sette ballen kontant i mål. og då stod det 3-1 då laga gjekk til pause i vintersola på Eid Idrettspark!

Første halvdel av andre omgong var ikkje mykje å skrive heim om. Strukturen i hye-midtbana datt ihop og det blei litt for mykje at alle sprang der ballen var. Nett so ein gjorde barneskulen!

Kva dette skuldast er det nok ikkje berre ei forklaring på, men det var tydeleg at mange bytte førte til at ein del spelarar hamna i uvante posisjonar som dei aldri heilt klarte å tilpasse seg. Det gjorde blant anna at det blei altfor stor strekk i laget og dermed blei det til at ein jobba for mykje ein og ein og ikkje som eit lag. Og det er ikkje sånn fotball skla være. Nei slik er det som kjent berre egoistane innafor minioritets-idretta som friidrett og ski som driv med.

Men i kampens siste halvdel så klarte Hyen å skjerpe seg. Ein begynte å spele meir i lag og då skulle det også rimeleg kjapt blir resultat ut av det! Hyen rulla opp på venstre sida, og ballen gjekk ut til debutanten Ole Jakob Mjellem. Han slo ballen fint inn i midten til Roger Nordal som fekk vendt opp spelt vidare til Marius Hallem. Hallem gjorde omtrent nøyaktig som i første omgong, tok med seg ballen litt ut til høgre før han klinka den ned i venstre hjørne utagbart for keeper.

Hyen hadde med tre hospitantar i denne kampen som alle bidrog på ein svært positiv måte. Arild Strømmen viste gode intiativ og starta fine angrep på høgrekanten. Roger Nordal bidrog med duellstryke, gifitige skudd og to assist på topp. Den tredje Markus Ask, som spelte indreløpar på slutten av kampen skapte mange sjansar. Først finta han seg gjennom forsvarlinja til Breim og blei kløppa ned med resultat ei nye hye-straffe. Anders Klungre var nok ein gong nokså sikker og dagens femte ball låg i Breim-nettet!

Fem minutt før slutt var Ask på ferde igjen og etter litt samspel med Klungre så fekk han ballen aleine med keeper. Her gjorde han ingen feil og sette ballen tilside for ein sjanselaus sisteskanse. Dermed blei det scoring for Mandølingen i det som truleg var både hans første og siste kamp i hye-drakt!

Sigeren var no, om det nokon gong hadde vore noko tvil fullstendig i boks, men Hyen klarte likevel å rote det til for seg sjølv på slutten. Ein lang ball blei slått ned i hyaranes bakrom, der Sindre Willumsen spiss kom jagande. Dårleg kommunikasjon mellom ein utrusande keeper og ein ubesluttsom forsvarar gjorde at ballen spratt mot åpent mål og då fekk Willumsen ein enkel jobb med å putte!


Dermed endte det altså med 6-2 i treningskampen mellom dei to Gloppe-rivalane! Hyen kan ta med seg mykje positivt frå denne kampen. Bakover hadde ein stort sett full kontroll med nokre få unntak, og samarbeidet og kommunikasjonen forsvarsfiraren seg i mellom fungerte veldig bra. På midten har spelarane sentralt so store ferdigheiter at dei klare å drible av eit par mann kver gong. Det åpnar sjølvsagt for store sjansar framover på bana og når samarbeidet med spissen og fungerar resulterer det i mange mål! At laget scorar på innøvd corner på første forsøk viser jo og at det nyttar å bruke litt tid på terping på bestemte ting.

Mindre gode ting florerer sjølvsagt på dette nivået, men det mest negative er at Hyen ikkje klare å få med backane og heller ikkje i særleg grad vingane i det offensive spelet. Dette skuldast nok ein del at låvedøra til Breim var på vidt gap sentralt i bana og dermed blei det veldig fristande for hyarane sentralt å kjøre på der. Men her burde ein likevel kunne tatt seg tid til å roe ned, slå nokre støttepasningar og bygge opp angrepa bakfrå. At laget framstår som veldig uorganisert det meste av andre omgong er naturlegvis det som bekymra mest og her må det takast tak. Men det er lenge til sesongstart så dette har ein god tid til å justere.

 

Dagens motstandar er det vanskeleg å sei så mykje positivt om. Eit lag med kjekke folk som det er artig å spele mot, men på det spelemessig planet så var det nesten like bleikt som snøen som omkransa bana på Eid Idrettspark. Dette skuldast nok stort sett at Breim har mista mange viktige spelarar og i tillegg mangla ei brote med spelarar til denne kampen.

Men faktisk er stoda i Breim-leiren so preker at dei kan måtte trekke laget sitt frå 5. divisjon! Det er sjølvsagt veldig trist om det skulle skje, og det er synd at ikkje fleire breimningar ser nytten av å holde liv i herrelaget i bygda. På dette nivået går det ikkje ann å være så storforlangande når det kjem til kvalitet på treningar, kunnskap til trenar og elles andre forhold rundt laget. Det viktige må være at ein har det kjekt med fotballen og at dette blir ein sosial møteplass for dei fotball-interesserte i bygda. 

Dette er og det samme for Hyen. Ingenting tilseie at ei så lita bygd skal kunne ha eit herrelag, men dersom alle tar eit tak og tenke at lag skal vi ha så går det fint ann å spele for Hyen om ein bur utanfor fylket. Dette skapar og ei ekstra tilknytting til heimplassen som og gjer det kjekt å vende tilbake og kanskje kan dette være ein av faktorane som gjer det meir aktuelt for ungdomen å flytte tilbake ein gong i framtida! Og det e jo flott!

Så vi kryssar fingrane for Breim, og håpar at både Møkalasset og andre breimingar får mykje å juble for dei neste åra!

 

Kampfakta:

Hyen - Breim
6-2 (3-1) 
Mål:
 1-0 x9. min Own goal! (Ola Alexander Lilloe-Olsen)
 2-0 12. min Marius Hallem (Anders Ommedal)
 2-1 18. min Raymond Niirainen (str)
 3-1 27. min Anders Klungre (str) (Roger Nordal)
 4-1 72. min Marius Hallem (Roger Nordal)

 5-1 77. min Anders Klungre (str) (Markus Ask)
 6-1 85. min Markus Ask (Anders Klungre)
 6-2 88. min Sindre Willumsen
 

Fakta:

Hyen - Breim

Publikum: 1!

Treningskamp

Søndag 21.februar

kl 13:00

Arena

Dommar

Kort

Eid Idrettspark
(kustgrasbane)

Muhammet Barlla
(Heia IL)

Inge kort!



Marius Hallem

 

Anders Klungre

 

Anders Ommedal

 

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
----------------
Even Hallem
----------------
Håkon Solheim
Ola Henning Ommedal
Øyvind Magnus Solheim
Ola Alexander Lilloe-Olsen
--------------------------
Ørjan Gjesdal
Anders Klungre
Åsmund Ommedal
Marius Hallem (C)
Anders Ommedal
--------------------------
Jens Robert Hope

--------------------------
Benken: 
Roger Nordal, Arild Strømmen, Markus Ask og Ole Jakob Mjellem.


Lagoppstilling Breim (4-4-2):
???.

Benken: ???.


hyenfotball.com er utviklet av Ola Alexander Lilloe-Olsen

© hyenfotball.com. admin@hyenfotball.com. Ansvarlig redaktør: Ola Alexander Lilloe-Olsen
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til hyenfotball.com.