hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Hyen - Anga 0-5


Hyen tok imot Anga til ein utsett kamp frå fjortande serierunde søndag ettermiddag! Heimelaget starta kampen klart best og burde leda med eit par mål, men i staden scora førdianarane på ein av sine svært få sjansar like før pause. I andre omgong tok Anga over kampen og sjølv om Hyen brente eit nesten to siffra antall gode sjansar så blei det ein fullt fortetnt bortesiger. Likevell så er 0-5 eit ganske flatterande resultat i ein kamp som var ganske jamn. Stillinga til pause var 0-1!

Publisert 6. september 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens Hyen-stjerne: 
Anders Klungre



Foto: hyenfotball.com
Nok ein gong så framsto Klungre som Hyen kbeste spelar. Han starta veldig mange angrep for Hyen spesielt i første, og vise at han har eit veldig godt blikk for spelet. Var også svært nære å score eit par mål!

Det starta litt kaotisk for Hyen då viste seg at to spelarar som var i start-ellvaren ikkje dukka opp og at det samtidig var tre spelarar som sleit med skadar. Heldigvis dukka to superreservar opp, og hadde det ikkje vore for det hadde ikkje Hyen kunne føllført kampen med elleve mann.

Men dei nye som kom inn på laget tok tak, og Hyen starta kampen friskt. Laget og kom til ein god sjanse etter berre tretti sekund og la seinare eit godt trykk på Anga med blant anna fleire cornera. Spesielt var hyarane gode på venstresida, og Ørjan Gjesdal og Anders Klungre kombinerte fint.

Til tross for at ein kom på mange fine overgongar så fungerte ikkje samspelet skikkeleg og det endte med at Anga stort sett fekk ordna opp før det vart farlig.
Hyen viste likevell god innsats og ein var aggressive i presset når Anga hadde ballen. Bakover på bana hadde brødrene Solheim stålkontroll og dei nye backane med blant anna heimedebutanten Vegard Flatjord viste sikkert defensivt spel.






Første omgong var ellers prega av veldig mykje duellar på midten der begge laga sleit med å få ballen på bakken. Det til tross for at hyegrusen faktisk viste seg fram frå si beste side, og då kan alle skjønne kor ille det faktisk kan være (ja vi vil ha kunstgrass asap!!!). Dermed blei det ikkje noko mykje fint spel, og det blei veldig mange lange ballar frå begge lag.

Men Hyen skapte likevell nok av sjansar til å ta leiinga. Spesielt burde Åsmund Ommedal scora etter corner, men headinga frå ein halv meter gjekk utruleg nok over mål. Også Jens Robert hadde ein veldig god mulighet men José i Anga-buret lot seg ikkje lure.





Etterkvert blei det eit ausande regnveir og ein kan vell ikkje akkurat sei at det gjorde sitt til at kvaliteten på spelet blei noko bedre. Bana blei fort gjørmete, men det vart aldri so mykje overfaltevatn at nokon av laga kan legge skulda på det.

Anga hadde svært lite å by på framover, men dei trengte tydelegvis berre å bli litt heite i trøya, for fire minutt før pause small det! Ei klarering går i hælen på ein hyar og dermed sprett ballen tilbake i farleg sone. Der står Kent Roger Engdal, og frå tjue meter får han prikka ballen i venstre hjørnet. Eit ufortent mål, men i fotball gjeld å sette dei sjansane ein får.



Dermed står 1-0 til Anga til pause, men Hyen hadde stor tru på at ein skulle kunne klare å snu dette i andre omgong.



Det var hyarane som starta best også i andre omgong. Åsmund Ommedal fekk ein ny stor sjanse etter nokre få minutt, men på nytt var Angas keeper med på notane! Heimelaget fortsatte å press på, men forsvaret til Anga var svært kompakte og gjorde det vanskeleg for Hyen å skape sjansar.

Bortelaget har knapt vore over midten då dei seks minutt ut i omgongen får servert ein svært unødvendig corner. Den utnyttar dei til det fulle, og Kent Roger Engdal får gå uforstyrra opp og stange inn 2-0!



Hyen gjev uansett ikkje opp, og like etterpå er Jens Robert svært nære å redusere for heimelaget, men nok ein gong får keeper José avverga i siste liten. Eit sukk går igjennom hyarane både på bana, benken og tribuna. Det er helt tydeleg at ein ikkje har marginane på si side i dag heller!

Det er likevell Hyen som fortsette å trykke på, men Anga er smarte. Dei ligg lavt og er klare til å kontre når dei får sjansen. Etter 59 minutt blir det 3-0 då Hyen søv på eit innkast. Både markeringane på sida og i feltet er frå værande og når innlegget er perfekt får Idar Tjønneland ein enkelt jobb med å sette ballen i nota! Veldig sløvt av hyarane og dette var eit mål som likna veldig på ein av sjansane Hyllestad burde scora på i forrige kamp (gå til 1:02 i klippet frå den kampen). 



No var det tydeleg at Hyen hadde mista trua på poeng. Samtidig som innsatsen datt nokre hakk så måtte ein satse hardt framover, og det førte også naturlegvis til at Anga fekk mykje rom å kontre på. Likevell foregikk det meste av spelet rundt midten og ingen av laga fekk til noko særleg.

Det neste sjansen var det nok ein gong Hyen som fekk. Anders Klungre drog seg fint igjennom, men sette dessverre ballen i stolpen. Ola Alexander Lilloe-Olsen fekk ta i returen, men litt skrått ute til høgre blei avsluttninga litt for høg, og nok ein misbrukt hyesjanse!

Like etter får Hyen ein ny kjempesjanse. Håkon Solheim spelar ein lang ball retning målet til Anga. Kommunikasjonssvikt mellom keeper og forsvar fører til at Ola Alexander Lilloe-Olsen får ei tå på ballen, men ballen stryk såvidt over tverrligaren.



Det er liten tvil om at Hyen har resignert no, og på slutten tar Anga over spelet. Dei får også umiddelbart utteljing då Hyen nok ein gong markerar dårleg på ein corner og Kent Roger Engdal får heade inn sitt tredje for dagen.

Rett før slutt får Anga nok eit mål då dei kjem i overtall framover og Idar Tjønneland skytt via ein hyar og i nettet! Dermed endte det med heile 5-0 til Anga!!



Litt vanskeleg å oppsumere denne kampen, og endå meir uforståeleg korleis det kunne ende med 5-0! I første omgong spelte Hyen til tider bra, medan Anga skapte omtrent ingenting. I andre omgong kom Anga meir med, men då også var det Hyen som hadde ballen mest. Anga scorar på stort sett alt, medan Hyen ikkje klarar å sett nokon av sjansane ein får, derfor endar det 0-5. Hyarane var ikkje spesielt mykje dårlegare, men dette var ein kamp der alle marginane gjekk imot.

Hyen må uansett berre brett opp ermane. Neste helg ventar to nye kampar då Sandane2 og Gaular2 gjestar hyegrusen. Sjølv om det no ikkje er muleg å rykke opp så er det tolv poeng igjen å spele om og dermed gode muligheta for å avslutte sesongen på ein god måte!

For Anga sin del leve fortsatt håpet om opprykk, og vi ønskjer dei lykke til med det! Laga møtast igjen om berre drøye tre veker, så då er nok hyarane svært revansjesugne...

Bilder frå kampen
Referat frå Anga sine sider

Video frå kampen:

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål +

Mål -

Poeng

1

Sandane2

12

8

1

3

38

13

25

2

Hyllestad

12

6

3

3

35

20

21

3

Anga

12

4

5

3

26

25

17

4

Hyen

12

4

2

6

20

37

14

5

Gaular2

12

1

3

7

18

42

6

Kampfakta:

Hyen - Anga
0-5 (0-1) 

Mål:
 0-1 41. min Kent Roger Engdal 
 0-2 51. min Kent Roger Engdal 
 0
-3 59. min Idar Tjønneland
 0-4 85. min Kent Roger Engdal 
 0-5 93. min Idar Tjønneland

Fakta:

Hyen - Anga

Publikum: 20

14. serierunde

Søndag.6..september

kl 14:00

Arena

Dommar

Kort

Hyen
sentralidrettsanlegg
(grusbane)

Ragnar Åmot
(Jølster IL)

Ingen kort.


Anders Klungre

 

Håkon Solheim

 

Vegard Flatjord

 

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
-----------
Even Hallem
-----------
Vegard Flatjord
Øyvind Magnus Solheim
Håkon Solheim
Ola Andreas Ommedal
----------------
Anders Ommedal
Åsmund Ommedal
Hans Otto Holme
Anders Klungre
Ørjan Gjesdal
----------------
Jens Robert Hope

----------------
Benken: 
David Rygg, Tommy Folkestad og Ola Alexander Lilloe-Olsen.

Lagoppstilling Anga (4-5-1):
Petter Jose Vaag, Karl Martin Nordbo, Stian Wie, Kent Roger Engdal, Aleksander Lekva, Bjørn Ole Hjørnevik, Idar Tjønneland, Øyvind Oppedal, Ole Meidel, Thomas Vie og Geir Thomas Espe.

Benken: Daniell Reed.

Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google.