hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Hyen - Askvoll/Holmedal2 1-1


Etter å ha tapt tre kampar på rad og det med ein målforskjell på 3-18 var det på høg tid for Hyen å vinne ein kamp! Men sjølv om optimismen var stor før kamp og spelarane hadde tru på at det no skulle bli tre nye poeng måtte ein berre på nytt konstantere at ein nok ein gong leverte ein dårleg kamp, og ergo blei det heller ikkje noko etterlengta heimesiger! Stillinga til pause var 0-0.
 
Publisert 26. august 2008.

 

Dagens HIL-stjerne: Håkon Solheim

Foto: hyenfotball.com
Dagens einaste lyspunkt var Håkon Solheim. Han hadde nesten stålkontroll på Ahil2 sine spissar gjennom heile kampen, og viste også at han klarte å roe ned spelet bakfra og dermed starte angrep. Denne karen er god nok for spel høgare opp enn 6. divisjon!!

Hyen hadde før denne kampen spelt mot Ahil2 to gongar tidligare i sesongen. I begge kampane gjekk Hyen sigrande ut, og derfor hadde ein også god tru på årets tredje siger mot laget frå havgapet! Etter at Hyen starta årets sesong nokonlunde bra så har det etterkvert vore svært langt mellom lyspunkta. Laget har alltid slete med å spele i lag, men i dei siste kampane har samspel vore totalt fråværande. For publikum må det nesten sjå ut som heile gjengen har gått på Steinerskule, alle har si eiga oppfatning om korleis ting skal gjerast.


Anders Ommedal strålte som vanlig som ei sol sjølv om lysken heller ikkje i dag var heilt god!

Kampen starta som dei fleste andre kampar med Hyen involvert, motstandaren var på bana femti minutt før kampstart, mens det då knapt var ein einaste hyara som hadde møtt opp. Dette førte også til at heimelaget kom seint i gong med oppvarminga og dermed var ein dårleg førebudd til kamp! Skjerpings kara!!

Hyen tok raskt intiativet i kampen. Laget vann dei fleste duellane og var også flinke til å sette i gong spel bakfrå. Spesielt framover på venstresida kom Hyen på mange overgongar, men det vart likevel ikkje noko spesielt farlege sjansar ut av det, men uansett gav det eit godt håp om at denne kampen skulle vinnast. Ahil2 hadde veldig lite å by på offensivt, og hadde knapt eit skudd på mål i heile første omgang. Hyen fortsette å dominere og ein fekk også ein del spel på høgresida. Det var også herifrå dei største sjansane skulle komme. Både Åsmund Ommedal og Geir Kjetil Aa Hope hadde feite sjansar til å sende heimelaget i leiinga etter gode innlegg av Tommy Folkestad. Spesielt Ommedal burde nok laga 1-0 då ballen kom sprettande på fem meter, men det å knalle ballen i mål med rista var ikkje godt nok og då endte det opp med eit mislykka helspark! Menmen det hadde no blitt eit nydeleg mål om han hadde truffe ballen!

Sjølv om Hyen opna kampen ganske greit, blei det etterkvert meir og meir panisk spel. Før ballen hadde nådd midtbana kom langpassninga og gong på gong enda det med at ballen trilla inn til keeper. Faktisk skapte ikkje Hyen ein einaste sjanse på dei alle bakromspassningane sine. Likevel fortsette ein å pumpe framover og der ein i starten hadde slått ballen ut på sidene så blei det nesten ikkje gjort på slutten av omgangen. Bortelagets største sjanse kom då Ola Henning Ommedal spelte tunnel på eigen keeper, men heldigvis blei det aldri farlig!

Om Hyen hadde avslutta første omgang dårleg så var det berre ein forsmak på kva som skulle komme i den andre. Laget hadde ballen nesten heile omgangen, men noko konstruktivt blei det aldri ut av det. Dette kom som regel pga. var personlege feil, men også løp og samspel fungerte ikkje i det heile. Til tross for at dette ikkje er bra so var nok likevel det mest skuffande at også innsatsen var totalt fraværande hos enkelte. At ein som 6. divisjonsspelar gjer slurvefeil er å rekne med, men det ein manglar på dette området må ein i det minste prøve å hente inn igjen på innsats. Så lenge folk prøva å gjere sitt beste er det greit, men når det ikkje er tilfelle er det også svært enkelt å gjere ting betre!

Faktisk skapte Hyen svært få sjansar etter kvilen. Det nærmaste ein kom var når det oppstod litt panikk i Ahil2-feltet etter cornera, men dei store sjansane uteblei!

Når Hyen etterkvert trykka på og flytta folk opp førte det også til større rom for Ahil2 framover. Det var også slik det første målet skulle komme. Bortelagets solide midtstoppera fekk klarert eit hye-angrep for ente gong, men denne gongen blei det også ei god passning ut av det. Ahil2 spissen fekk tatt ned ballen og lurt seg unna oppassaren i heimelagets forsvar før han på ca. tjue meter klinka ballen i nettet over ein sjanselaus keeper! Ei flott scoring, men samtidig var dette også ein av bortelagets einaste sjansar!

Dette var sjølvsagt ein skikkeleg kalddusj for Hyen, men samtidig var det nesten litt fortent med tanke på kor dårleg laget hadde fungert. Håpet no var at dette skulle vekke heimelaget og få samtlege spelarar til å yte ekstra innsats dei siste tjue minutta!

Etter bortelagets mål fekk Hyen skjerpa seg litt, og blant anna blei det nokre halvsjansar etter dødballar. Det skulle likevel ta si tid før reduseringa skulle komme. To minutt på overtid fekk Geir Kjetil Aa Hope ballen på midten, slo den ut på høgre kanten til Ola Alexander Lilloe-Olsen, som deretter fekk skrudd ballen innover på lengste stolpe, og der var Tommy Folkestad på rett plass til rett tid og fekk heada ballen via bakken og i nettet. Ei fin scoring av heimelaget, berre synd ein ikkje prøvde på denne resepten tidlegare!

Etter dette fekk Hyen berre eit angrep til, men innlegget kom aldri inn i boksen og dermed ebba kampen ut i 1-1!

Ein veldig skuffande kamp av Hyen og no må verkeleg samtlege spelarar brette opp ermane før ein går til neste kamp. Opptrer ein som dette då kjem nok Florø3 til å putta to-siffra på nordfjordingane...

Ellers merkar vi oss at Ahil2 i dag i følge speaker.no brukte ein spelar som skulle sona for karantene. Frode Hovden står oppført med at han fekk sitt tredje gule for sesongen borte mot Sandane2 sist, og skulla soleis aldri ha spelt mot Hyen. Men i følgje lagleiar til Ahil2 var ikkje Hovden ein gong med mot STIL2. Ikkje veit vi kva som er rett, men ein plass må no kretsen ha fått namnet hans frå og ein skull då og tru at dette kom frå dommarkortet i den nemte kampen.

Forøvrig i følgje speaker.no skulle også Kristoffer Helle ha sona karantene i kampen mot Sandane2 etter å ha fått sitt tredje gule for sesongen i kampen mot Tambarskjelvar. Han står i alle fall oppført å ha spelt kampen i kampreferatet på Ahil sine nettsider. Muleg vi er heilt på bærtur, men det her er no uansett noko Ahil bør få klarhet i!

Resultat 11. serierunde 6. div. avd. 2:
Gaular2 - Tambarskjelvar 0-7
Sandane2 - Florø3 4-4

Bilde frå kampen
Referat frå Askvoll/Holmedal si heimeside

Kampfakta:

6. divisjon avd. 2
Runde 11

Hyen - Askvoll/Holmedal2

  1-1 (0-0) 

Mål:
 0-1 72. min Markus Rivedal Haaland
 1-1 92. min Tommy Folkestad (Ola Alexander Lilloe-Olsen)

Arena: Hyen sentralidrettsanlegg
Tilskodarar: 40
Kampstart: tirsdag 26. august 2008, kl. 19:00
Dommar : Ragnar Åmot (Jølster)
Gule kort:  Ingen kort.

: Håkon Solheim
  : Ola Henning Ommedal
    : Geir Kjetil Aa Hope

Hyen: (4-5-1)
Even Arne Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Håkon Solheim, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Tommy Folkestad, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Geir Kjetil Aa Hope, Karl Erik Holme; Morten Hjelmeland.

Benken: Karl Erik Utheim og Jon Magnus Dyrnes.

Askvoll/Holmedal2: (4-4-2) (henta fra ahil.net)
Frank Eimhjellen; Erling Endestad, Preben Nilsen, Stian Nilsen, Frode Hovden; Ole Martin Mandelid, Arne Vårdal, Jan Erlend Haugen, Tor Erik Selvik; Kim Rudi Kristiansen og Markus Rivedal.

Benken: Øystein Endestad.


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no