|
|
|
Hyen - Sandane2 3-1
Eit forferdeleg rengveir med kuling i kasta var den herlege ramma då årets Él Gloppen skulle avgjerast på hyegrusen tirsdag kveld. Det tok ikkje lang tid før bana var eit einaste stort gjørmehol og det vart tidleg klart at det vinnande laget kom til å bli det som gjekk i krigen og kjempa hardast. Stilpusane tok leiinga, men Hyen kom tilbake, snudde kampen og vann til slutt fullt fortent 3-1 over seriemesteren. Dette resultatet betyr at det innbyrdes mellom laga i år enda med totalt 8-5 til Hyen og dermed kan dei krone seg som vinnar av Él Gloppen 2009!
| Publisert 22. september 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. |
|
|
 |
Dagens Hyen-stjerne: Hans Otto Holme |
 | 
Foto: hyenfotball.com Holme viste dei andre hyarane kva som måtte til og gjekk i krigen med ein gong. Han var også flink til å prøve å holde ballen på bakken og få den ut på kant. I andre omgong vart han også den store helten for Hyen då han dukka opp på rett plass ved to identiske situasjonar og styrte ballen i nettet! |
Det vart aldri noko stor fotballkamp på hyegrusen tirsdag kveld. Ved kampstart var det faktisk nokonlunde opplett og så lenge det vedvarte klarte dei to laga å spele fotball.
Heimelaget åpna best og allereie etter eit drøyt minutt skulle dei få ein kjempe sjanse. Eit frispark på eigen banehalvdel blir slått inn foran Sandane2 sitt mål og Øyvind Larsen får heada ballen fint ned til Anders Klungre. Men på mirakuløst vis klare han å skytte ballen utanfor frå to meter! Dessverre ein typisk hyestart...
Like etter sette regnveiret for fullt inn, og ettersom bana var god og mett på regn så danna det seg fort nokre fine dammar på Hyen sentralidrettsanlegg. Dermed begynte begge laga å slå svært mykje langt. Stilpusane hadde en fin medvind og utnytta den til det fulle med å slå lange passningar på hurtige angriparar.
Det var også akkurat slik kampens første mål skulle komme. Ronny Viken slår ein lang ball inn i bakrommet til Hyen og der kjem Are Nyhammar i full fart. Keeper kjem ut, men Nyhammar gjer akkurat det han skal og lobbar ballen elegant over og inn i nettet. Dermed stod det 0-1 etter 19 minutt og nok ein gong blei det ein start Hyen ikkje har vore uvande med i år.
Hyen skjønte no at det berre var å gløyme regnet, brette opp ermane og trøkke til i duellane. Dermed var krigen og slaget om Gloppen skikkeleg i gong!
Heimelaget produserte etterkvert ein del cornera, og etter tjueseks minutt skulle det også bli uttelling på ein av disse. Ola Alexander slår ein hard corner på første stolpe, men ballen smyg seg gjennom heile feltet før Åsmund Ommedal får slengt kølla fram og dunka ballen i mål! Ei skikkeleg kukete scoring, men mål er mål og dermed stod det 1-1!

Den siste halvdelen av omgongen var naturlegvis sterkt prega av regnet og der var ikkje lett for nokon av laga å få til noko spel. Sandane2 tok eit vist grep om kampen, men det nærmaste dei kom var på et par cornera som ikkje blei spesielt farlig.
Hyen kom heller ikkje til fleire gode sjansar, og dermed kunne ein svært våt gjeng gå til pause på stillinga 1-1.
Begge lag og dommar var einige om at her var det lite vits med noko lang pause, så etter litt drikke og fokus på at ein no hadde medvind entra hyarane på nytt slagmarka.

Andre omgong vart på ingen måte noko mindre våt affære, og ettersom flomlysa i Hyen ikkje er av den beste sorten så kan vi ikkje akkurat sei at det var gode forhold for fin fotball. Heimelaget trøkka uansett på frå start og skapte raskt ein corner. Åsmund Ommedal var svært nære å få styrt ballen i må, men ein stilpus fekk klarert i første omgong. Ballen den havna hos Håkon Solhem som fyrte avgårde eit skudd. Målet traff han ikkje, men ei rute på Hyen samfunnshus gjekk i tusen knas!
Ti minutt ut i omgongen kom den første store sjansen. Are Nyhammer blei spelt fri på høgre kanten og fyrte av gårde eit godt skudd får ca. tjue meter, men ballen sneik seg såvidt utanfor lengste stolpe! Svært nære at Sandane2 på nytt tok leiinga.

Femten minutt ut i omgongen får Hyen innkast langt inne til høgre på bortelagets banehalvdel. Storkastaren Øyvind Larsen får pælma ballen det han greie innover og finn Åsmund Ommedal. Han får stussa ballen vidare og på lengste stolpe får Hans Otto Holme stå totalt umarkert og nikke ballen i nettet! Dermed stod det no 2-1 og Hyen hadde snudd kampen!
Det som var forskjellen på dei to omgongane var at etter pause så blei det mindre lange ballar frå begge lag. Det heile utvikla seg til å bli ein stor midtbanekrig, og akkurat der var Hyen best. Kvaretetten Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Anders Klungre og Ørjan Gjesdal stod verkeleg fram her. Holme som ein skjerm og støvsugar framfor hyeforsvaret og Ommedal og Klungre var hissige kleggar og lot aldri Sandane2 si midtbane få rom og tid. På høgre sida brilijerte Ørjan Gjesdal med mange fine dribleraid framover som også endte med at Hyen fekk mange gode døball-sjansar.

Som eit resultat av Gjesdal sine raid får Hyen på nytt innkast i god posisjon etter 73 minutt. Ballen landar hos Anders Klungre som får dradd seg ned til dølinja og slått ballen perfekt førtifem grader ut. Åsmund Ommedal flikkar ballen vidare, og nok ein gong dukkar Hans Otto Holme opp på rett plass til rett tid fullstendig umarkert og får beina ballen i mål! 3-1 og no såg det verkeleg ut til at det gjekk mot ein ny hyeseier!
Kampen fortsette i samme spor etter dette, men det var nok ein del spelarar som etterkvert no begynte å sjå fram til at dommaren skulle blåse. For slutten av kampen var akvariefotball der spelarane såg ut som litt forvirra gullfiskar som sporadisk måtte gispe etter luft mellom dei verste bygene.
Sandane2 måtte naturlegvis trøkke på framover, men håpet hadde nok gått litt ut av bortelagets spelarar og dermed utblei også sjansane. Hyen klarte å skape litt meir via god kjemping, og med litt større presisjon framfor boksen kunne det blitt fleire mål.
Det siste kvarteret av kampane har alltid vore ein dårleg periode for hyarane, men denne gongen klarte dei å halde fokus oppe på slutten også, og dermed holdt ein på leiinga heilt fram til dommaren blåste av etter nitti minutt!
Sluttresultatet 3-1 var eit heilt greit resultat og det var fullt fortent at Hyen vann. Dei ville mest og når forholda var som dei var så var det duellstyrke på midten som avgjode kampen. Uansett så blei dette ein kamp der det ikkje var mulig å spele god fotball, og at Hyen har behov for ei kunstgrasbane vil vi vell også tru at Sandane2 sine spelarar er heilt einige i.
Men okkesom elendig baneforhold, Hyen har slått Sandane2 tre av fire gongar i år og er dermed den klare vinnar av Él Gloppen 2009!!!
Referat frå Sandane sine sider
Video frå kampen:
| Resultat frå den andre kampen i 18. serierunde 6. divisjon avdeling 2: Gaular2 - Anga 1-3 | |
|

|
|
|
Lag |
Kampar |
Vunne |
Uavgjort |
Tap |
Mål + |
Mål - |
Poeng |
|

|
1 |
Sandane2 |
15 |
10 |
1 |
4 |
45 |
17 |
31 |
|
|
2 |
Hyllestad |
14 |
7 |
3 |
4 |
38 |
25 |
24 |
|
|
3 |
Anga |
14 |
5 |
5 |
4 |
31 |
29 |
20 |
|

|
4 |
Hyen |
14 |
6 |
2 |
6 |
31 |
39 |
20 |
|

|
5 |
Gaular2 |
15 |
1 |
3 |
11 |
21 |
56 |
6 | |
|
Fakta: |
Hyen - Sandane2 |
Publikum: 25 |
|
18. serierunde |
Tirsdag.22. september |
kl 19:00 |
|
Arena  |
Dommar  |
Kort  |
|
Hyen sentralidrettsanlegg (grusbane)
 |
Sureskumar Kathiravel (Eid IL)
 |
Ørjan Akse (Hyen) | |
|

|

|
Hans Otto Holme |
|
|

|
Ørjan Gjesdal |
|
|

|
Anders Klungre |
| |
Lagoppstilling Hyen
(4-5-1): ----------- Even Hallem ----------- Øyvind Larsen Ola Henning Ommedal Håkon Solheim Ola Andreas ommedal ---------------- Ørjan Gjesdal Åsmund Ommedal Hans Otto Holme Anders Klungre Jonas Holme ---------------- Ola Alexander Lilloe-Olsen ---------------- Benken: Vegard Flatjord, Tommy Folkestad, Jens Robert Hope, Anders Ommedal og Ørjan Akse. |
 |
Lagoppstilling Sandane2 (4-5-1): Ragnor Alme; Jørgen Djupegot, Martin Akse, Erik Slagstad, Ronny Viken; ??, Sindre H. Eimhjellen, Kjell Magne Birkelund, ??, Are Nyhammar; Vegard Pedersen.
Benken: . |
Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google. | |


Følg Hyen Fotball på


|
|
Lag |
K |
+ |
- |
P |
|

|
1 |
Sandane2 |
14 |
44 |
14 |
31 |
|
|
2 |
Hyllestad |
14 |
38 |
25 |
24 |
|
|
3 |
Anga |
14 |
31 |
29 |
20 |
|

|
4 |
Hyen |
14 |
31 |
39 |
20 |
|

|
5 |
Gaular2 |
15 |
21 |
56 |
6 |
Hyen er eit lag frå Gloppen i Sogn og Fjordane og spelar sesongen 2009 i 6. divisjon avdeling 2.

Kommande kampar 2009:
|
Dato |
Heime |
Borte |
|
29.sep |
Anga |
Hyen |
|
06.okt |
Hyen |
Hyllestad |

Høgdepunkt frå TVHyen:
|