hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



5. plass: Gaular2

Gaular stiller i 2008 for føste gong med 2 lag i herre fotball. Førstelaget rykte opp til 5. divisjon i 2005, og etter å ha hatt to sesongar der har dei no funne ut at klubben også trenge eit lag nummer 2. At Gaular har sopass stor breide at dei kan ha to lag er kanskje litt overraskande, men vi trur ikkje kvaliteten i stallen er stor nok jamt over og tippar Gaular2 på nest siste plass i 6. divisjon avdeling 2 2008.   
Publisert 29. april 2008.


Som med Aksvoll/Holmedal2 er det vanskeleg å skulle vurdere eit 2. lag. Kor mange og kor gode dei som kjem frå første laget vil være det store spørsmålet for motstandarlaga gjennom heile sesongen. Gaular sine lag har kampar på forskjellige dagar gjennom heile sesongen, og dette tydar nok på at reservane til a-laget vil være sterkt delaktige for Gaular2. Og dette må dei nok også være, for det er vell begrensa kor mange gode seniorspelarar det finst i ein kommune med 2750 innbyggarar!

Gaular sitt a-lag er i år rekna som ein av dei største opprykksfavorittane frå si 5. divisjons avdeling og skulle dei rykke opp vil det være heilt naturleg at klubben har eit 2. lag for dei som ikkje vil satse så mykje tid som 4. divisjonsfotball krev. Gaular har i år ein spelarstall på heile 39 spelarar og då er det klart at klubben fint kan stille med 2 lag! Kor mykje alle av disse vil delta og kor gode dei nederst på lista eigentleg er blir spennande å sjå.

Det positive for Gaular2 er at første laget i år tydeligivs har noko å fare med. Debutsesongen i 5. divisjon vart gjennomført med ein strålande 3. plass, medan dei i fjor sleit meir og hamna på ein noko skuffande 6. plass. Det skal dog nemnast at nivået på divisjonen i 2007 var av den gode sorten. Nokre av resultata i treningskampane til a-laget i år gjev optimisme. 3-1 mot Florø2, 5-0 Askvoll/Holmedal og 9-1 mot Tambarskjelvar. Spesielt 5-0 mot eit 4. divisjonslag er imponerande! Gaular2 har hatt ein treningskamp før sesongen og den enda med 2-1 tap mot Anga. Kor bra lag dei då stilte med veit vi ingenting om, men vi trur nok at dette resultatet seier mykje om nivået Gaular2 ligg på i år.


foto: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?orgelementid=55930

Gaular er vel ein av dei klubbane i fylket som har dårlegast annlegg for fotball. Grusbana på Sande og grasbana Osen stadion er klubbens baner, og sjølv om disse nok sikkert er ei heilt ok, så er det nok kunstgras som må til for at fotballspelarar skal bli betre. Skulle det bli opprykk på a-laget vil nok kunstgras tvinge seg fram, og det vil nok være veldig viktig for en klubb som Gaular når det gjeld å halde på unge talent ettersom konkurransen er stor frå nærliggande klubbar. I utgangspunktet skal Gaular2 spelar sine heimekampar på gras og det vil nok kunne gje dei ein viss fordel mote enkelte lag. Tenke då på at både Tambarskjelvar og Hyen har grus som heimebane, og kun trenar på dette underlaget.


foto: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?orgelementid=55930

I utgangspunktet så er det fort gjort å konkludere med at Gaular2 vil være det dårlegaste laget i avdelinga ettersom a-laget deira kun er i 5. divisjon! Men mykje kan tyde på at Gaular2 er eit av laga som vil nyte best av spelarar frå a-laget, og dersom disse held eit jamt nivå kan nok dette laget klatre høgare opp enn der vi tippar dei! Men vi trur at dei som gjer det bra på 2. laget fort spelar for første laget og då tvilar vi på at nivået på dei resterande  er så veldig bra. Men ein del poeng vil laget garantert ta, og vi får håpe at stallen på 39 mann er 39 og ikkje eigentleg 25 når hausten nærma seg....

Styrka:
+ I utgangspunktet mange å ta av 
+ Tilgang på spelarar frå 1. laget

Svakheiter:
- Urutinerte spelarar
- Kan miste dei beste spelarane til 1. laget

Heimeside:
http://www.gaularil.net/

Trenar:

 

Spelarstall(henta frå gaularil.net):

Kven som utgjer 2. lagstroppen veit vi desverre ikkje, men den samla Gaular troppen har vi fått tak på og av dei under vil 2. laget naturlegvis kunne bestå av samtlege som ikkje starta siste kamp for 5. divisjonslaget.

1    Kai Rune Årberg
2    Anders Osen
3    Ruben Fureli
4    Tommy Nyland
  Kay Arne Lorgen
   Jim Arne Råheim
8    Torbjørn Sygna
9    Thomas Flatebø
10  Per Konrad Venås
11  Trond Olav Olsen
12  Mats Ludvik
13  Jardar Venås
14  Jon Olav
15  Jørgen Fauske Lysholt
16  Vetle Nordang
17  Kent Even Hellebust
18  Svein Arne "Mini" Olsen
19  Jon Inge Nilsen
20  Stig Arvid Øvrebø
21  Daniel Senneseth
22  Frank Ove Nilsen
23  Ole Ronny Albertsen
24  Joakim Svartefoss
25  Kjetil Nistad
26  Martin Olav Senneseth
27  Kjetil Strandos
28  Jøran Viken
29  Ingvar Fauske Lysholt
30  Kent Roger Engdal
31  Vegard Varlid
32  Emil Otterstad
33  Anders Brudvold
34  Øyvind Årnes
35  Håkon Øvrebø
36  Jarle Haugsbø
37  John Søgnen
38  Arve Ekehaug
39  Robert Bjørvik
99  Alexander Bendiksen

Draktfargar:

Rød trøye, rød bukse, røde sokkar - heime
Svart trøye, svart bukse, svarte sokkar - borte

Tabelltipset:

Gaular2 har ikkje gidda å svart på våre spørsmål og vi har derfor heller ikkje deira tabelltips.

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
24. april
Heia - Hyen 1-1