hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum  Gjestebok



4. plass: Gaular2 

Gaular stilte i 2007 for første sesong med eit lag nummer to! Resultatmessig gjekk det åt skogen, men uansett var det positivt at dei stilte lag og gav spelarar med litt redusert ambisjonsnivå eit fotball-tilbud. I Gaular har dei spennande ting på gong og vi tippar dei på 4. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Publisert 18. april 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.

Gaular2 sin debutsesong enda vell omtrent som forventa. Det som i utgangspunktet virka å være ein stor stall viste seg å ikkje være so stor når spesielt bortekampane kom utover hausten. Resultatet vart skrale 8 poeng på dei 15 kampane som laget spelte i 2008. Noko som heller ikkje var så overraskande var at laget varierte ein del i prestasjonane og då spesielt heime kontra bortekampane. Laget tok berre eit poeng på bortebane og det var også faktisk i den første bortekampen i sesong som vart spelt borte mot det andre botnlaget Ahil2. Eit anna ganske flaterande eksempel på dette var dei to første kampane laget spelte mot Florø3. Heime vart 3-3 medan det borte enda med tap på heile 9-2! Grunnen til dette trur vi rett og slett var så enkel som at Gaular2 anno 2008 var eit ganske dårleg lag, men dei gongane a-lagsspelarar gadd å bli med (noko som sjølvsagt har ein tendens til å være heimekampane) så var det nok til å heve laget betrakteleg med tanke på at marginane er relativt små i 6. divisjon.

Årets utgåve av Gaular2 ser ut til å være av eit langt kvassare slag enn kva som var tilfelle i 2008! Laget har enorme 26 stk i spelarstallen og av disse er det heile 13(!) nye spelarar. Her igjen finn ein også enkelte svært gode spelarar! Av disse er det åtte som gjer comeback i Gaular drakta enten etter å ha vore ute med skadde eller pga. at dei ønskjer å trappe ned litt. Her må ein spesielt trekke fram keeper Anders Senneseth og spissen Jon Inge Nilsen. (Nilsen er omtala som "profilen" lenger ned i dette tabelltipset.) Senneseth gjer comeback i år etter å ha vore skada sidan 2005. Inntil han blei skada var han ein veldig god keeper for a-laget og er nok den beste sisteskansen i Gaular og mulegeins i heile 6. divisjon ifølgje eigen trenar! Skal også nemnast at han har vore ein meget habil volleyballspelar.

Ambisjonane til Gaular2 i år er krystallklare! Dei går for første plass på tabellen og ingen andre ting enn det er akseptert. Opprykket ja det står i grunn kun på at a-laget tar steget opp i 4. divisjon slik at det blir ein ledig plass for b-laget i femte. Nettopp det at Gaular sitt a-lag skal klare opprykk skal ein så absolutt ikkje sjå vekk ifrå då dei må kunne seiast å være ein av dei to største favorittane i si avdeling. Men at Gaular2 skal surfe gjennom årets 6. divisjon-avdeling er vi no någet skeptisk til. Spesielt treningskampane viser vell nettopp at dette kan bli tøft for b-gjengen til Gaular. Det starta ok med eit målstap borte mot Tambar, men ein solid sprekk på heile 1-15 i ein internkamp mot a-laget var nok ikkje heilt etter planen. Nytt tap blei det då ein møtte Hyllestad borte, og sjølv om det mulegeins var litt i overkant heimedømming her så viser vell dette at Gaular2 har ein del å gå på enda...

Ein viss fare med årets Gaular2 lag er sjølvsagt at dei tar med seg mange a-lagsspelarar i enkelte kampar. Spesielt kan nok dette være ein stor fare i dei to første kampane då det kan være ein del spelesugne a-spelarar som enda ikkje har fått sparka i gong serien i 5. divisjon. Men det er nok også ein stor sjanse for dette resten av sesongen også då det berre er ein kamp der A og B-laget har kamp på same dag. Men Gaular2 skal først og fremst bruke b-lagstroppen og det vil ikkje bli noko unødvendig topping av laget men bruke spelarar frå a-laget etter behov. Dette ser vi på som ei sunn holdning då det er lite vits å på død og liv skulle rykke opp ved hjelp av førstelagsspelarar. Då seier jo det sitt om at dei ein har i troppen i utgongspunktet ikkje er god nok for divisjonen over (hinthint Jølster2 i 2006 :P)! 

Eit resultat av ein stor spelarstall bør i utongspunktet bety mange på trening, men det har vist seg hos mange lag at sjølv om ein ofte kan være nærmare 20 stk til kamp så er det knapt ein tredjedel som møter på neste trening. Detter verkar ikkje å være tilfelle hos Gaular2. Dei har hatt mange treningar med over tjue mann og då seier det seg sjølv at dette medfører høgare intensitet og meir seriøse treningar då alle skjønnar at det er her dei må vise at dei er god nok for laget. På ei anna side så kan jo også dette bli eit lite luksusproblem for lagets trenar.

Når Gaular2 har 26 spelarar i sin tropp og samtidig har tilgang på fleire frå a-laget så betyr det at trenar Dag Tore Skilbrei må komprimere troppen til kvar kamp ned i 16-17 spelarar ettersom det neppe er vits å dra med seg fleire til kvar kamp. Då vil ein jo fort oppleve ein del skuffa spelarar og dersom det er dei same som blir utelat til dei fleste kampane er faren stor for at disse fort kan gå lei. Det vil igjen medføre færre på trening. Men Skilbrei virkar å ha god kontroll på spelarstallen og vi trur at han klarer dette like bra som den gode jobben han har gjort med å rekruttere nye spelarar i år!



Det er ingen tvil om at Gaular2 blir eit lag å rekne med i år, men vi trur nok dei kjem til å skuffe litt på bortebane og soleis gå glipp av ein del verdifulle poeng. Heime på Sande er dei i ferd med å få kunstgras, og dette vil nok gje heile fotball-Gaular eit stort løft og også skulle ein tru at dette vil gje svært spelesugne b-lagsspelarar! Likevel viser nok treningskampane at det er litt for stor variasjon i Gaular2-troppen og at litt for mykje ansvar kviler på litt for få spelarar. Dei blei sist i fjor, og steget heilt opp i toppen kan nok bli tøft å ta på berre ein sesong!

 Styrka:


+ Enkelte klassespelarar
+
Treningsvillige
+
Ny trenar med stor motivasjon
+
Stor spelarstall
+ Ny k
unstgrasbane gjev inspirasjon
+ Tilgang på a-lagsspelarar

Svakheiter:


- Svake resultat i treningskampane
- Er dei kanskje litt for mange??

-
Kan miste dei beste til a-laget
- Litt for mykje ansvar på litt for få

Resultat treningskampar:
31. januar Tambarskjelvar - Gaular2 5-4
10. mars Gaular1 - Gaular2 15-1
22. mars Hyllestad - Gaular2 4-3
29. mars Gaular2 - Hyllestad 0-4

Heimeside:

http://www.gaularil.net/


Dag Tore Skilbrei:
29 åring som kjem frå Gaular. Han la opp som keeper i 1998, men frå 2001 har han vore trenar for 15/16 åringane til Gaular fram til 2007. Han har treent nesten alle som er i Gaular2-troppen frå før, og kjenner derfor godt til dei aller fleste. Det store målet til Skilbrei er å gjere comeback som spelar i 2009. Men før den målsetninga kan nås må han ifølgje eige utsegn få vekk 15 kg og løfte kondisen nokre hakk. Skuddfoten er klar! Han har også vore kretsdommar i nokre år, noko som han driv med enno til tross for at han har trappa litt ned på den fronten grunna jobben som trenar for Gaular2. Med seg som assistenttrenar får han Trond Aase som styrte laget i fjor.

 Keeper:

  • Anders Senneseth
  • Magne Dovle
  • Kent Aarberg

 Midtbane:

  • Ruben Furli
  • Anders Kvamme
  • Sverre Hatlestad
  • Joakim Lunde
  • Espen Førde
  • Daniel Seneseth
  • Arve Ekhaug
  • Robert Bjørvik
  • Vegard Varlid
  • Edmund Varlid

 Forsvar:

  • Are Njøsen
  • Arlid Herstad
  • Trond Aase
  • Daniel Aase
  • Håkon Øvrebø
  • Øyvind Aarnes

 Angrep:

  • Øystein Ulvedal
  • Børge Lunde
  • Andreas Eide
  • Dag Tore Skilbrei
  • Andreas Sigestad
  • Jon Inge Nilsen


Jon Inge Nilsen:
Ein klassespelar som i ei årrekkje har vore ein av dei beste spelarane på Gaular sitt A-lag. Etter 2008-sesongen bestemte han seg for å trappe ned litt noko som betyr at Gaular2 i år for gleda av å benytte seg av hans kvalitetar. Nilsen er ein svært målfarleg spiss og har bøtta inn mål i både 6. og 5. divisjon dei siste 7-8 åra! Han scora blant anna tre mål i treningskampen mot Tambarskjelvar!

Heimebane:

Nye Sande Stadion. Kunstgrasbane som etter planen skal stå klar i slutten av mai!

Draktfargar:

  • Heime - Svart trøye, svart shorts, svarte sokkar
  • Reserve - Rød trøye, rød shorts, røde sokkar
  • Gaular2 sitt tabelltips ved trenar Dag Tore Skilbrei:


    Symbol, samt inspirasjon er henta frå fjora.no