Det var ingen tvil om at det var ei svært tøff oppgåve som venta Hyen då laget tok turen til Florø tirsdag kveld. Spesielt med tanke på resultata og spelet laget hadde prestert i det siste så var det nok kun dei største optimistane som hadde tru på at det kunne bli poeng i denne kampen.
Men til tross for at ein hadde ei rekke dårlege kampar bak seg og at ein reiste til Florø3 med berre 12 mann så var det likevel optimisme og god stemning å spore blant hyarane. Virka som skuldrene var senka og at dei fleste berre gleda seg til å spele fotball, også fekk ein berre ta resultatet som det kom.

Hyen fekk uansett ein verst tenkeleg start på kampen då det berre gjekk tre minutt før Florø3 skulle ta leiinga. Eit frispark blei slått inn i feltet til bortelaget, Hyen fekk delvis klarert, men balllen hamna ut på ca 16 meter skrått frå mål til ex-hyar Børge Nordal som ikkje let seg be to gongar og sendte ballen rett i nota over bortelagets keeper. Eit skikkelig dritmål, og ekstra kjedeleg å få den rett i fleisen etter berre tre minutt! Då var det nok eit par hyarar som tenkte at no kom det her til å gå den vegen høna sparka! (Apropo høner: Etter ein svært lang diskusjon om høner og deira eggklekking på turen tilbake så kunne ein av medpassasjerane opplyse at høner ikkje treng noko hane inn i bildet for å legge egg. Og dersom hønene rugar lenge nok så blir det kyllingar ut av det! Så jomfrufødslar skjer med andre ord stadig vekk rundt i dei mange hønsehusa i Hyen! Eller!??)

Til tross for den tidlege kalddusjen som Hyen både fekk spelemessig og værmessig så tok ein sakte men sikkert fullstendig over kampen. Litt av det som har mangla hos Hyen i mange kampar tidlegare er at det blir for mykje poling og lite spel. Men utover i første omgangen i Florø leverte bortelaget feiande flott fotball. Når ein vann ballen bak bygde ein seg fint opp framover og stressa ned og soleis også fekk til etablert angrepsspel der ein fekk flytta folk framover før ein spelte ballen framover! Spesielt på høgresida herja Hyen. Ein strålande opplagt Karl Erik Utheim kom etter ikkje lenge spelt inn på høgre kanten og han leverte glimrande innsats og kom blant anna til mange fine innlegg. Desverre klarte ikkje dei somm mottok dei fine passningane å gjere noko ut av dei, og det kunne virka som at hyarane vart litt for stressa når avsluttningane skulle komme og soleis rota ein også vekk veldig mange fine sjansar.

Sjølv om Hyen misbrukte mange sjanar i første omgang spelte ein likevel veldig bra i lag. Laget var også spesielt flinke til å variere måten å angripe Florø3 på. Nokre gongar blei det slått lange fine gjennombruddspasningar, mens ein andre gongar prøvde å bygg opp spelet bakfrå.
Når det gjelde sjansane Hyen hadde så var det spesielt Morten Hjelmeland og Tommy Folkestad som kom til disse, men Florø forsvaret var hissige opp i dei desverre blei det ikkje mål på nokon av disse, men det kjem...
Likevel var det nok Åsmund Ommedal som hadde den største sjansen. Ein corner frå høgre blei slått bortimot perfekt inn i feltet til Ommedal som kom på eit fint løp, men fem meter frå mål klarte han ikkje å få haude skikkelig på ballen og ergo fekk han heller ikkje styrt den på mål! Hyen fekk også ein del frispark på heimelagets banehalvdel som ein med litt meir tur hadde klart å fått styrt i mål.

Florø3 var farlege heilt i starten av kampen, men dette skuldast rett og slett at Hyen si midtbane låg litt høgt oppe og dermed blei det store rom mellom forsvar og midtbane. Det førte til at heimelaget sine spissar veldig lett fekk tak i ballen og når du har med avdelingas toppscorar å gjere (Dani Brandsøy) så skal du ikkje la han få for store rom, då blir det fort eit par i sekken. Men heldigvis klarte ikkje Florø3 å omsette dei sjansane dei skapte, og når Hyen litt utover i omgangen fekk tetta igjen "strekket i laget" så skapte Florø3 nesten ingenting. Spesielt dei siste tjue av første omgang styrte midtbana til Hyen fullstendig det som skjedde på kunstgraset i Florø.
Laga gjekk dermed til pause på stillinga 0-1. Men Hyen hadde levert ein glimrande spelemessig omgang, og offensivt spesielt fungerte ting veldig bra bortsett frå i siste fasen. Bakover slurva ein litt med blant anna markeringa på dødball, og det kunne fort ha straffa seg. Men uansett var det ein kanonbra omgang av bortelaget og det var rett og slett kjekt å spele sjølv om regnet hølja ned!

Utfordringa foran 2. omgangen vart sjølvsagt å opprettholde det gode spelet ein hadde levert i den første. Det skulle ein sånn delvis lukkast med. For i andre omgang blei det den gode innsatsen som var mest merkbar.
Hyen har denne sesongen vore svært effektive foran mål i dei første femten etter kvilen og muligens hadde nokre eit håp om at dette skulle slå til også i denne kampen. Men desverre så skulle det ikkje gå lang tid før akkurat det stikk motsatte skjedde! Hyen sleit voldsomt i starten av omgangen med å holde ei linje i den bakre firar. Fleire gongar fekk Florø farlege sjansar då forsvaret låg svært ubalansert. Ikkje uventa skulle også Florø3 sitt andre mål komme på akkurat denne måten. Heimelaget har ballen omtrent på midten, men før ballen blir slått i bakrommet senka plutseleg ein av hyeforsvararane seg 10-15 meter lenger ned en resten av forsvarsrekka. Då blei det sjølvsagt store rom for heimelaget sine spissar å gå på og når ballen då enkelt blir slått til ein Dani Brandsøy på løp so skjønnar alle kva som vidare skjedde. 2-0 elleve minutt ut i andre omgang!

Hyen gav uansett aldri opp! Laget tok fram ein kjempe innsats og på mange måtar kan ein seie at ein sprang Florø3 i senk. Utruleg nok virka det faktisk som at hyarane var betre trent!! Midtbana til bortelaget tok om mogleg endå meir over spelet og med ein svært så sprudlande Anders Klungre i spissen produserte ein fleire gode sjansar, men resultatet av dei blei desverre som i første omgang.
Men hyarane skulle omsider få betalt for strevet, og ikkje overraskande skulle det komme etter eit av dei mange frisparka laget fekk. Karl Erik Utheim blei kløppa ned midt på heimelagets banehalvdel midt på heilt ute ved sida og altså frispark! Hyen flytta opp sine hodesterke midtstoppera og dei skulle også komme i fokus på det påfølgjande frisparket. Ola Alexander Lilloe-Olsen slo ballen fint inn på bakre stolpe til hyarar som omtrent stod i kø for å sette ballen i nettet. Først heda Stein Are Eimhjellen ballen via ein Florø3 spelar og opp i lufta, men ballen dala fort ned att og då kunne Ola Henning Ommedal berre kontrollere den over streken. 1-2 og no var det for alvor kamp igjen!!

Florø3 virka no veldig kjørt og sjølv om også enkelte hyarar no sleit med tunge bein så sprudla bortelaget vidare. Karl Erik Utheim hadde mange fine løp framover, men dei gode pasningane inn i boksen blei desverre ikkje omsatt i mål.
Utheim måtte dermed ta saken i eigne hender! Eit av Ørjan Gjesdals mange fine dribleraid enda med at han blei felt omlag 25 meter frå mål. Utheim var aldri i tvil om at det var han som skulle ta det og sa like greit til dei andre som hadde lyst å prøve seg "eg e heilt sikker på at eg scora". Og då var det jo ikkje noko å lure på... Dommaren sa at værsågod her er det berre til å skyte og Utheim klinka ballen enkelt greit utagbart for keeper heilt inn i lengste hjørne. Iskaldt, suverent og overlegent!:)
Med ti minutt igjen så kunne det no sjølvsagt bli full pott på nordfjordingane, men det virka litt som Hyen no var fornøgd med det eine poenget, og det trøkket ein hadde hatt tidlegare i kampen dabba litt av og ein lot Florø3 komme meir med. Det førte også til at heimelaget fekk eit par farlege dødballssituasjonar, men keeper Even Hallem var uredd inne i boksen og tok svært godt hand om dei farlege legga som kom.
Dermed blei det altså 2-2, eit sjeldan, men svært gledeleg bortepoeng. I tilegg braut ein også Florø3 si sigers rekke på heimebane med 8 strake sigrar noko som også betyr at Hyen er det einaste laget som har tatt poeng borte mot Florø3 i år. Men det mest gledelege i denne kampen var at Hyen turte å spele i lag, og det viste ein alle at ein også er svært flinke til å gjere berre ein tøre. Så det er det jo selvfølgelig ingen grunn til å slutte med når Tambarskjelvar gjestar Hyen Sentralidrettsanlegg tirsdag 9. september!
Resultata i dag betydde også at Tambarskjelvar no har tatt over som serieleiar og i realitetten betyr det også at dei er klare for 5. divisjon i 2009! Gratulerer til alle i Naustdal!