|
|
|
Anga - Hyen 2-2
I reinaste Columbus-stil la Hyen ut på ei eventyrleg reise søndag formiddag. Men i motsetning til Columbus så viste Hyen både kor dei skulle og kva som var målet med turen. Nemleg å knuse Anga gule og blå på kunstgraset i Førde. Heimelaget blei på ingen måte knust, men Hyen var det klart beste laget og hadde fortent å ta med seg alle poenga. Uavgjort er uansett godkjent for Hyen ettersom det sannsynlegvis gjer at Hyen klare å ta tredje plassen i avdelinga. Stillinga til pause var 1-1!
| Publisert 4. oktober 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. |
|
|
 |
Dagens Hyen-stjerne: Marius Hallem |
 |

Foto: hyenfotball.com Hallem var på plass igjen for Hyen etter nokre ekampars pause pga. skule, og han viste nok ein gong at han er ein veldig viktig spelar for hyarane. Var en konstant trussel på høgresida og scorte i tillegg målet som berga eit poeng for Hyen!
|
Kampen i Førde søndag ettermiddag kunne trygt kallast ein rein bronsefinale i 6. divisjon avdeling 2. Før kampen var status at begge laga stod med 21 poeng, med Anga på tredjeplass ettersom dei hadde bedre målforskjell. Anga ville dermed sikre seg 3. plassen med siger, medan Hyen ville ligge godt ann med uavgjort ettersom dei i utgongspunktet har lettare motstand i siste serierunde.
Men det var på ingen måte eit Hye-lag som entra bana med uavgjort i sikte. Med to 5-0 tap mot nettopp Anga friskt i minne så var det liten tvil om at Hyen var svært sugne på å ta med seg tre poeng frå Førde. Eit anna poeng var og at Anga var det einaste laget i avdelinga Hyen ikkje hadde slått i år.
At Hyen ville noko i denne kampen såg ein frå første spark. Bortelaget trøkka på og før ballen hadde vore innom deira eigen banehalvdel stod det 0-1! Marius Hallem får ballen ute på høgre sida, drar seg glimrande fri frå backen og får slått eg godt innlegg. Anga får klarert i første omgong, men rett ut til Anders Klungre som står på 16-meteren. Han smelle til rett på keeper som må gje retur, men Åsmund Ommedal krigar til seg ballen og i et forsøk på å skyte så sleivar han ei pasning til Anders Klungre som no frå åtte meter dunkar ballen i nettet! Ei herleg åpning for Hyen og når ein veit at ein har slite med å sette sjansane i starten av kampane i år så var det utruleg deilig at ein no lykkast!

Hyen fortsette å dominere kampen og spesielt Marius Hallem herja på si høgre side og samtidig var ein flink til å vinne ballen på midten. På dei første ti minutta hadde Anga knapt vore inn på Hyens banehalvdel, så ein kan trygt sei at hye-forsvaret hadde ein roleg start på kampen!
Dei blå frå Gloppen spelte med senka skuldre og prøve å spele seg fram langs bakken. Det blei ikkje skapt dei heilt store sjansane, men hyarane fekk ein del cornera som vart farlege. Heimelaget kom litt meir med utover i omgongen, men dei klarte ikkje å skape sjansar.
Men etter tjuetre minutt skulle Anga komme på ein lynvisit. Hyen har kast ute på høgresida og flytta opp laget, Anga vinn ballen og når dei klare å komme forbi førsteforsvararen på midten får dei kontre. Hyarane er i overtal, men klare ikkje å følge løpet skikkeleg og ein Anga spelar får storme mot mål. I det han skal avslutte får Ola Andreas Ommedal ei tå på ballen, men dessverre er det nok til at ballen går i mål! Dermed hadde begge laga scora på sin første sjanse i kampen og altså ei rimeleg ufortjent utlikning.
Anga er heilt klart eit fysiskt lag, og dei sleit med å henge med på lettbeinte hyara. Det resulterte i veldig mange frispark til Hyen og heimelaget klarte aldri å forstå at strake arma i motstandarens rygg ikkje er lov! Det blei etterkvert mykje duellar utover i omgongen og dette var ikkje noko positivt for hyarane. Duellane i lufta vann Anga nesten heile tida så kvifor bortelaget la opp til dette er litt uforståleg. Spesielt alle utspela til Hyen blei måka opp i midtsirkelen der Anga var fullstendig overlegne.

Men heimelaget var veldig upresise i siste pasningane og den farlege spissen Kent Roger Engdal på topp fekk ein veldig vanskeleg dag på jobben. Dagens mest uheldige var Ørjan Gjesdal som i første omgong dempa ballen på edelsteinane og dermed fekk jobben som benkevarmar resten av kampen!
Ein av dei største sjansane i omgongen fekk Hyen etter 37 minutt. Anders Klungre gjer en god jobb ute på høgre sida og får slått ballen inn i feltet. Anga klarera dårleg og Åsmund Ommedal får ballen på femten meter. Skuddet er bra, men på streken får ein gul trøye kasta seg fram og hindra ballen på si ferd mot nettmaskene!
To minutt før pause får Hyen nok ein kjempe sjanse. Eit frispark ute til venstre blir slått fint inn, men avslutninga til Marius Hallem gjekk dessverre over mål. Like etter skapa Hallem seg sjølv ein ny sjanse. Han jobbar knallgodt og fyre avgårde ei brasse, men nok ein gong reddar ein Anga spelar på streken!
Ein første omgong Hyen kan være godt fornøgd med og spesielt den første halvdelen. Laget turte å spele langs bakken og det gjorde sitt til at Anga ikkje hang med i svingane. Når ballen etterkvert blei spelt mykje opp i lufta kom Anga langt meir med i kampen med sine gode duellspelarar.

Starten på andre omgong var veldig rotete og det meste av spelet foregikk på midtbana med mange duellar. Eit kvarter ut i omgongen får Angas Tommy Veberg sendt av gårde eit skudd. På ingen måte ei kanon, men keeper er uheldig og ballen dett ned på feil side av streken og 2-1 til Anga! Fem minutt seinare kontrar Anga og Kent Roger Engdal kjem aleine mot keeper, men denne gongen vartar Even Hallem opp med ei glimrande redning og dermed heng Hyen fortsatt med i kampen.
Hyen skjerpar seg etter dette og tar tak i kampen. På nytt får laget mange døballar, men nok ein gong er hverken innlegga eller løpa gode nok. Her har Hyen utvilsomt eit potensiale i å få utnytta disse situasjonane på ein betre måte.
Tretti minutt ut i andre omgong får Hyen frispark på eigen halvdel og Håkon Solheim slår ein lang ball oppover. Anders Klungre vinn duellen og får stussa vidare til Ola Alexander Lilloe-Olsen. Han løftar ballen vidare til Marius Hallem som med skeiva skyt ballen til høgre for keeper og inn i nettet. Eit angrep tatt ut av læreboka og ei fullt fortent utlikning.
Bortelaget fekk no fornya inspirasjon og fortsette trykket, men det blei altfor ofte for dårleg presisjon når laget skulle spele seg framover.

Dei siste ti minutta datt tempoet ein god del og kampen var veldig jamnspelt der begge laga prøvde, men svært sjeldan lykkast med det dei forsøkte seg på. Ergo kvalitetsmessig inga stor avslutning på kampen.
Dagens ellers så svært gode dommar hadde heller ikkje noko god avslutning. Fem minutt før slutt er ein Anga spelar klønete og ballen sprett opp i armen hans som heng godt ut frå kroppen. Ei klar straffe Hyen ikkje får. Og heilt på tampen og det mest bitre, Hyen blir avblåst for ein feilaktig offside i det Marius Hallem og Karl Erik Utheim kjem aleine igjennom! Greit at det kan være vanskeleg å sjå, men kjære dommar er du usikker skal det gå til fordel for det angripande lag!
Alt i alt ein kamp Hyen kan være fornøgde med. Bakover fungera det bra meste parten av tida, men Anga skapte veldig lite så ein vart ikkje sett på prøve så altfor mange gongar. På 1-1 målet er ein for sløvet og ikkje følge løpa godt nok. Framover er det mykje bra, men samtidig har ein mykje å gå på når det gjeld å bruke begge sidene og samspelet angriparane seg i mellom!
Uavgjort betyr uansett at Hyen kan ha eit godt håp om å sikre seg tredje plassen i avdelinga. Anga skal spele borte mot Sandane2 og tilsvarande oppgjer der i vår enda 8-1, dermed tyder alt på at poeng heime mot Hyllestad sørga for bronse på Hyen i år.
Ein kortkort video frå kampen kjem... | | |
|

|
|
|
Lag |
Kampar |
Vunne |
Uavgjort |
Tap |
Mål + |
Mål - |
Poeng |
|

|
1 |
Sandane2 |
15 |
10 |
1 |
4 |
45 |
17 |
31 |
|
|
2 |
Hyllestad |
15 |
8 |
3 |
4 |
54 |
25 |
27 |
|
|
3 |
Anga |
15 |
5 |
6 |
4 |
33 |
31 |
21 |
|

|
4 |
Hyen |
15 |
6 |
3 |
6 |
33 |
41 |
21 |
|

|
5 |
Gaular2 |
16 |
1 |
3 |
12 |
21 |
72 |
6 | |
|
Fakta: |
Anga - Hyen |
Publikum: 3!!! |
|
19. serierunde |
Søndag.19..juni |
kl 13:00 |
|
Arena  |
Dommar  |
Kort  |
|
Førde krøllgras (kustgrasbane)
 |
Per Oddvar Lien (Høyang IL)
 |
Eit til Anga | |
|

|

|
Marius Hallem |
|
|

|
Anders Klungre |
|
|

|
Åsmund Ommedal |
| |
Lagoppstilling Hyen
(4-5-1): ----------- Even Hallem ----------- Anders Ommedal Ola Henning Ommedal Håkon Solheim Ola Andreas Ommedal ---------------- Marius Hallem Åsmund Ommedal Hans Otto Holme Anders Klungre Ørjan Gjesdal ---------------- Ola Alexander Lilloe-Olsen ---------------- Benken: Ørjan Akse, Øyvind Larsen, Karl Erik Utheim og Jonas Holme. |
 |
Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google. | |


|