MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Nyhetsarkiv september 2009

 

Hyllestad knuste Gaular2 med 16-0!!!! »

Nest siste runde i 6. divisjon avdeling 2 skulle spelast tirsdag kveld. Hyen sin kamp mot Anga var som kjent flytta til søndag 4. oktober, men to andre lag i avdelinga var i aksjon.

Eller det vil sei i realiteten så var det berre eit lag til i aksjon. Ikkje overraskande blei det kalassiger til Hyllestad på heimebane, men 16-0 var no litt i meste laget! Om Gaular2 stilte med berre sju mann aller kva som har skjedd er vi usikre på. Uansett så sikra Hyllestad med dette 2. plassen i avdelinga og det betyr at dei fortsatt kan ha eit lite håp om opprykk ettersom Sandane2 enda ikkje offisielt har sagt at dei takkar ja til 5. divisjonsspel. Stilpusane vil nok truleg gjere det, men time will show...

Dette var Gaular2 sin siste kamp i år, og deira sesongavslutning kan vell neppe kallast anna enn katastrofal. Laget som før sesongen hadde klar målsetning om opprykk har etter sommaren kollapsa fullstendig og enda med 72 baklengs og  berre seks poeng. A-laget rykka som kjent opp til 4. divisjon i år, og dermed er det grunn til å tru at b-laget til neste år blir stabilt av ein litt anna kvalitet.

Publisert 29. september 2009


Eikefjord klar for 4. divisjon! »

Alt låg til rette for ei veldig spennade sesongavsluttning i 5. divisjon avdeling 2 søndag. Eikefjord toppa tabellen to poeng føre Hornindal, men Sunnfjord-laget hadde ein tøff bortekamp mot Loen i vente medan Nordfjordingane i utgongspunktet hadde enkel motstand då dei tok imot tabelljumbo Florø2 på heimebane.

Men Eikefjord overbeviste mot eit svekka Loen og vann 3-1 og samtidig knalla Florø2 til med ein overbevisande 4-0 siger på bortebane.

Dermed rykke Eikefjord opp til 4. divisjon, medan Florø2 til tross for seier må ta den tunge vegen ned til 6. divisjon. Dette skuldast at Jølster2 slo til med ein skikkeleg snuopperasjon borte mot Breim. Jølstringane låg under 0-2 ved pause, men kom sterkt tilbake, vann 4-2 og berga dermed plassen!

Dette betyr at Florø2 til neste år svært sannsynleg blir eit av laga Hyen skal spele mot i 6. divisjon avdeling 2.

Vi kjem tilbake med ei oversikt over korleis dei ulike avdelinga truleg vil sjå ut i 2010!

Publisert 26. september 2009


Tambarskjelvar rykker ned til 6. divisjon! »

Naustdal-laget Tambarskjelvar har hatt ein tøff sesong etter at dei rykkte opp frå Hyen si 6. divisjon avdeling i fjor.

Til tross for at laget berre stod med fire poeng før siste seirerunde hadde dei fortsatt ein sjanse til å berge plassen ettersom dei skulle møte Førde3 som låg på plassen over med to poengs forsprang. Men sesongens tolvte tap vart eit faktum då Førde3 vann 5-3 på heimebane søndag ettermiddag. Dermed blir det 6. divisjon på Tambar i 2010.

Førde3 har på ingen måte berga plassen. Dei er no heilt avhengig av at vinnar av Firdaligaen rykke opp, og mykje tyder på at det nettopp Førde sitt a-lag som avgjer deira skjebne.

Alt tyder dermed på at Hyen til neste år møter Tambarskjelvar, eit lag hyarane aldri har tatt poeng mot!

Publisert 26. september 2009


Tipparane har dårleg tru på Hyen! »

Kampen Anga-Hyen som skulle blitt spelt tirsdag 29. september er satt opp på tippekupongen i den 19. runda av Firda sitt Lokaltips. Heile 82,7% av tipparane trur på Anga siger, medan 14,2% trur på Hyen og usle 3,2% har kryssa av for uavgjort.

Dette kan tyde på at dei fleste har fått med seg at Anga har vunne dei to siste oppgjera mot Hyen 5-0. Men dei to laga har lik poengsum, og hyarane står med 11-2 i målforskjell på dei to siste kampane så at Anga er so store favorittar er vi no ikkje heilt enig i.

Uansett so er kampen blitt flytta til søndag 4. oktober 13:00 og dermed blir den ikkje tellande på kupongen.

Publisert 25. september 2009


Anga - Hyen flytta! »