MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Nyhetsarkiv oktober 2009

Statistikk og tørre fakta sesongen 2009! »

Ein sesong med fotball resulterer i ei mengde med tal og andre moment som ein kan analysere, vende og vri på slik det passar. Vi har no dradd ut nokre tal og sydd dette saman til eit lite dokument som både oppsumerar Hyens sesong men og litt om 6. divisjon avdeling 2 generelt.

Les heile saken!  (Publisert 29. oktober 2009)

 

Gratulerer Førde!! »

Førde er klar for 2. divisjon etter at dei lørdag ettermiddag vann 2-1 heime mot Birkebeineren og dermed vann 5-3 samanlagt! Dette er sjølvsagt ein stor dag for heile fotballen i fylket då det er veldig viktig med eit lag i 2. divisjon!

Dette medføre også at Vik beheld plassen i Firdaligaen, Førde2 blir værande i 4. divisjon samt at Førde3 også beheld plassen i 5. divisjon. Så er vell liten tvil om at Førde-fotballen har god grunn til å feire denne lørdagskvelden!

Publisert 24. oktober 2009


Nedrykk på både Sandane og Breim i 2010!? »

Ifølgje NRK så har Divisjonsforeninga av 2002 store plana om å endre på dagens utgåve av 3. divisjon. Planen er å halvere antall avdelingar i landet frå tjuefire i 2010 til tolv i 2011.

Kort oppsummert er dette pga. at forskjellen på laga er for stor samt at alle vinnarane av nivå 4 skal rykke dirkete opp. Dette vil då medføre at halvparten av laga i Firdaligaen må vekk og då vil det også få store konsekvensar for resten av laga i fylket.

Les heile saken!  (Publisert 21. oktober 2009)


Spelarfest for dame og herrelaget til Hyen! »

Hyen sine to seniorlag har resultatmessig ikkje hatt noko kjempesesong, men det er uansett lov å feire seg sjølv litevetta. Derfor blir det spelarfest for både dame og herrelaget til Hyen fredag 30. oktober 19:00 på Fiskehytta på Aa.

Her blir duka for eit lystig lag med både mat, konkurransar, underholdning i tillegg til at diverse spelarar skal få sine utmerkingar! Det er også ein aldri så liten overraskelse på lur, så her er det berre til å møte opp. Festen er for spelarane på dei to ulike laga inkludert følge.

Dette blir altså den første spelarfesten for Hyen sitt damelag, og derfor rekna vi med at dei kjem til å sette sitt preg på festivitasen i stor stil!

Publisert 14. oktober 2009


Blir det Nordfjord-avdeling på Hyen i 2010?? »