|
I Hyen idrettslag si 100-årige historie har fotballen hatt ein relativt liten plass. Dette kan det vere fleire grunnar til. Fram til midten av 1970-åra då den nye idrettsplassen kom, var nok ikkje baneforholda tilfredsstillande, og kommunikasjonsmessig låg det heller ikkje så godt til rette for til dømes seriespel i vårt distrikt. Dessutan var det nok mange, eller i det minste ein del, som meinte at fotballsparking ville gå for mykje ut over andre idrettar som fungerte godt i bygda!
Fotballkampar i 1930- og 40 åra. Det vart likevel alt i 1930- og 40 åra spelt enkelte fotballkampar, og motstandarane kunne vere Brodd, Vereide og lag frå Hennebygda/Lote. Sjølvsagt var dette fotball for menn i ”sin beste alder”, og spelarane på laget var nok stort sett dei same gjennom denne perioden. Nils S Holme var keeper på dette laget, og sidan han også ei tid stod i mål for STIL, kan det tyde på at laget hadde ein bra ”siste skanse”.
Skiping av fotballgruppe På årsmøtet i Hyen IL 30. desember 1992 vart det vedteke å opprette fotballgruppe i laget. Vedtaket var einstemmig. Det vart valt dette styret for den nyskipa gruppa: Leiar: Ola Hope, oppmann/sekretær: Mathias Hope, medlemmer: Øyvind Larsen, Arnstein Heimset og Ola Henning Ommedal. I tida framfor hadde det vore gjort ein del grunnleggande arbeid for å få avklara interessa og stemninga i bygda for organisert fotballaktivitet. Som nemnt ovanfor kunne det vere ulike syn på kva innverknad dette ville få or idretten totalt sett i bygda. Sonderingane, som vart leia av den nyvalde formannen, avklara at dette var noko ein burde satse på. Oppgåvene til det nyvalde styret i gruppa vart så å legge til rette for at ein kunne stille eit herrelag i 7. divisjon. Dette vart sjølvsagt eit økonomisk løft for laget då ein mangla det meste av utstyr både på bana og til spelarane. Men både kommunen og arbeidsutvalet i laget var positive, så det ordna seg på ein god måte.
Treningane kom i gong i februar, og Tor Slotsvik, med tilknyting til bygda, vart den fyrste trenaren i fotballgruppa. For å få samle flest mogleg av spelarane, måtte treningane leggast til helgane. Frammøtet var godt og optimismen rådde grunnen. Det var med forventning ein såg fram til dei fyrste seriekampane.
Seriestart – 7.divisjon Avd.B Den nystarta fotballgruppa hadde in fyrste seriekamp borte mot Bryggja 24. April. Det vart ein jamn kamp som til slutt enda med 1-0 til heimelaget. I den fyrste heimekampen ei veke seinare gjekk det betre for hyarane. Då vart det siger med 2-0 over Tonningskameratane frå Stryn. Det var 6 lag med i avdelinga, og Hyen enda til slutt på ein 5. Plass. Det synte seg nok at det var litt vanskelegare å hevde seg enn ein hadde tenkt før sesongstart. Lokaloppgjera mot Brodd låg det mest prestisje i. Av dei tre kampane dette året vann Brodd dei to fyrste, medan den tredje enda uavgjort.
Om ein måtte slite for poenga på grusen, var publikumsframmøtet langt over det ein på førehand hadde venta. Eit gjennomsnitt på nesten 100 var med og laga stemning på heimekampane. Nysteikte vafler og kaffi var nok også eit trekkplaster. Dette hadde mykje å seie også for økonomien i gruppa, kampane gjekk med eit god overskot.
Utviklinga vidare Tor Larsen og Hans Otto Holme var trenarar dei neste 4 åre (1994-97), og laget heva seg sportsleg ettersom dei fekk meir rutine. Andre året vart det 3. plass i avdelinga, og alt i 1995 kunne ein innkassere avdelingsmeisterskap og opprykk til 6. divisjon. I kampen om KM-tittelen i 7. divisjon mot den andre avdelingsvinnaren, Norane, vart det tap. Opphaldet i 6. divisjonen vart kort – berre eitt år. I dei to følgjande åra vart det 2. plassar og soleis ikkje grunnlag for klatring i systemet. Det enste opphaldet i 6. divisjon kom på grunn av nedlegging av 7. divisjonen. Det var då oppretta fleire distriktsvise avdelingar i den nye 6. divisjonen, og problemet med til dels lange og tungvinte reiser vart redusert. I 1998-99 var Ola Henning Ommedal oppmann og ansvarleg for treningane. Ansvaret gjekk vidare til Kai Arne Aa/Karl Erik Utheim forsesongen 2000. Dette året vart laget avdelingsvinnar, men det vart likevel ikkje opprykk. Gjennom dei siste fem åra har Åsmund Ommedal vore oppmann for herrelaget, og han har også hatt ansvaret for treningane, to av åra samane med Jon Bjarne Hope, som samtidig var leiar i fotballgruppa. Gjennom desse åra har ein vore med i kampen om dei øvste plassane på tabellen, men det var fyrst i 2004 at ein gjekk heilt til topps i pulja og samtidig vann over Eid2 i kvalifiseringskampane. Det vart altså opprykk til 5. divisjon. Men heller ikkje denne gongen lukkast ein i kampen om KM-tittelen i divisjonen. Det vart klart tap mot Kaupanger2.
Spelarstallen Oppstartinga av fotball har truleg ført til at fleire kom med i organiserte treningar og konkurransar. Spelarstallen til seniorlaget ar gjennom dei fyrste 13 åra vore rimeleg stor og stabil. Godt over 20 personar har stått på lista dei fleste åra. Problemet her, som i mange andre situasjonar, har vore at mange får lange heimreiser på grunn av studiar/arbeid. Det har soleis vore lagt stor velvilje for dagen når det gjeld å vere på plass til seriekampane. Etter 13 år med seniorfotball har følgjande spelt over 100 kampar for laget: Hans Otto Holme(162), Ola Henning Ommedal(159), Geir Hjelle(151), Åsmund Ommedal(134), Stein Are Eimhjellen(112), Kai Arne Aa(110), Roger K Nordal(108), Karl Erik Utheim(104).
Erfaringar Noko skepsis var det til oppstartinga av fotballgruppe for 15 år sidan. Ettertida har likevel vist at fotballen hadde sin plass også i Hyen. Gleda over å vere med på eit fotball-lag har mange gonger kome til uttrykk sjølv om resultata ikkje alltid skulle tilseie det. Fotballen har skapt eit stort engasjement for spelarar, trenarar og leiarar. Ein kna heller ikkje gløyme den store publikumsinteressa som det må vere eit mål å halde oppe også i framtida.
Desse har vore leiar i fotballgruppa: Ola Hope (1993) Mathias Hope (1994-99) Tor Larsen (2000-02) Jon Bjarne Hope (2003-2004) Helge Hafsås (2005-2006) Øyvind Magnus Solheim (2007) Ola Henning Ommedal (2008-20xx)
| henta frå jublieumshefte HIL 100 år |
Årsmelding fotballgruppa 1993:
OPPSTARTING AV FOTBALLGRUPPA På årsmøtet i Hyen Idrettslag 30. desember 1993 vart det vedteke å opprette fotbaallgruppe i laget. Vedtaket var einstemmig.
Oppgåvene til det nyvalde styreet vart så å legge til rette for at ein kunne stille eit herrelag i serien - 7. divisjon.
Innmeldinga i fotballkrinsen vart idrna, fotballmål, spelardrakter og anna naudsynt utstyr vart tinga. Utgiftene vart store, og det er god grunn til å rette takk til Gloppen kulturstyre for økonomisk hjelp både til mål og opprustning av bana. Arbeidsutvalet i idrettslaget var også "romslege" når pengane skulle ut.
TRENINGANE Dei organiserte gotballtreningane kom i gang tidleg i februar, og treningane måtte leggast til helgane, fredag og søndag, på grunn av at dei fleste spelarane var borte elles i veka. Tor Slotsvik var trenar frå starten og fram til sommarferien. Han la ned eit stort arbeid, og det takkar vi han for. Gjennom sommaren og hausten fram til sesongslutt var det Per Grov og Hans Otto Holme som hadde ansvaret for treningsopplegget. Per hadde vore med ein del tidlegare i sesongen også.
KAMPANE Det var med stor spenning vi såg fram til seriestart i slutten av april. To treningskampar hadde synt at det kanskje ikkje var så lett å hevde seg.
Opninga var bra: Knepe ta for Bryggja borte og siger over Tonningskameratane heime. Tabellen syner at det vidare framover vart vanskeleg å ta poeng, og til slutt enda vi på ein 5. pplass i gruppa. Dette var omlag som venta, kanskje hadde håpet vore å ligge omlag midt på tabellen.
Største suksessen låg i publikumsinteressa. Det var godt frammøte på kampane, og stemininga var god anten resultat gjekk den eine eller andre vegen. Publikumstalet låg i gjennomsnitt nær 100, og det var ikkje berre på godversdaagar vi hadde heimekampar. Dette verka sjølvsagt også gunstig inn på økonomien til gruppa.
ERFARINGAR Fotballen har fått fleire personar i alderen 15-25 år i regelmessig trening. Omlag 20 aktive har vore med på fotballtreningane, og mange av desse har vore lite med i idrett før.
Publikumsinteressa er nemd før. Å samle så mykje av bygdafolket om noko felles er i seg sjølv verdifullt.
Elles kan det seiast å vere krevjande å stille eit fotball-lag til 15 seriekampar gjennom sommaren, så spelarane må vise godvilje for at ein skal kunne gjennomføre sesongen.
NESTE SESONG Fotballgruppa er i gang med opplegget for neste sesong. Tor Larsen og Hans Otto Holme er leiarar for balltreningane som går fredagane. Elles er det fellestreningar for alle gruppene i laget med spenst, styrke og kondisjon på programmet (måndag/onsdag).
Vi takkar alle for innsatsen dette fyrste året med fotball. Spesielt takkar vi for velvilje ii samband med bruk av gymnastikkbygget i helgane.
Vel møtt i 1994!
Styret
Årsmelding fotballgruppa 1994:
Fotballgrupppa er gjennom sitt andre år, og vi kan registrer ein viss framgang når det gjeld det sportslege. Erfaringar frå første året har også gjort det lettare å gjennomføre opplegget for sesongen i det heile.
SERIEN Med tre lag frå kommunen i same gruppe i 7. divisjonen låg det an til mange spennande lokaloppgjer. Det sunte seg også for at det vart kniving om poenga i alle møte mellom Breimsbygda, Brodd og Hyen. Tonningskameratane var også på same nivå, medan Bryggja tidleg fekk eit vel stort forsprang. Hyen enda som tabellen viser, på tredje plass. Ei pulje på 5 lag er lita nok, men fordelen er at reisene til kampane vert kortane når ein føretek ei slik geografisk inndeling.
PUBLIKUM Kampane vart flytta frå søndagar til fredagskveldar, men likevel sunte det seg fort at 70-80 personar møtte fram for å sjå på, og dette må vi seie oss svært godt nøgde med. Avviklinga av heimekampane fører med seg ein god del utgifter, særleg dommarane har lange reiser, så publikumsframmøtet har mykje å seie for gruppa, både økonomisk og sosielat.
NYE ARBEIDSOPPGÅVER Etter to år med fotball ser det ut til at interessa er stor nok til å halde oppe aktiviteten i gruppa vidare framover. Her kjem til nokre nye spelarar kvart år, så sjølv om ein også har litt avgang, kan spelarstallen truleg haldast kring 20. Vi har ikkje dommarar i gruppa, og dette bør vere ei prioritert oppgåve å skaffe. Oppfordringa går difor til personar som kan tenkje seg å vere fotballdommarar å melde frå til styret. Krinsen arrangerer dommarkurs rundt om i fylket. Det er også mange tilbod om kurs for trenarar og leiarar. Vi bø bli meir aktive når det gjeld utdanning.
Eit anna spørsmål ein kan stille, er om det bør gjerast noko med fotball for aldersbestemte klasser. Truleg er årskulla for små til at ein kan vere med i serie. Om det er aktuelt å delta i cup'ar bør det veljast kontaktpersonar for å ta seg av dette.
TRENINGANE Forrige sesong var Tor Larsen og Hans Otto Holme trenarar. På grunn av at mange av spelarane er vekke frå bygda i veka, må treningane leggast til helga, fredag og søndag. Opplegget er det sam for komande sesong også, med Tor som ansvarleg
Vi rettar stor takk til trenarane og dei andre som på ulike måtar hjelper til med arbeidet i gruppa.
Vel møtt til neste sesong.
Styret
Årsmelding fotballgruppa 1995:
Det har vore halde tre styremøte. På to av desse har trenarane også vore til stades. Styret har elles vore med i avviklinga av alle heimekampane, så kontakta må kunne seiast å vere god. det har og fungert godt med fordelinga av arbeidsoppgåvene mellom styremedlemene. Leiaren har delteke på leiar/oppmannsmøte på Eid i februar, og på krinstinget i Førde i november.
SERIEN I år vann vi avdelinga vår i 7. divisjonen. Dette medfører at vi neste år skal spele i 6. divisjonen, møtte vi Norane frå Sogn både på bortebane og heimebane. Det var 0-4 tap borte og siger 2-1 heime. Dette må seiast å vere eit godt resultat sjølv om vi tapte kampen om KM-tittelen på målforskjell. (Norane var totalt overlegne i si avdeling i serien.)
I vår avdeling heldt spenninga seg heilt til siste runde var ferdigspela, og ikkje uventa var det Brodd og Hyen som kjempa om opprykksplassen. Til slutt vart det 1 poeng skilnad til fordel for oss. Det er såleis all grunn til å vere fornøgde med sesongen både for spelarar, trenarar og publikum.
PUBLIKUM Oppslutninga frå publikum har vore svært god. Talet har variert frå 60 til 170 på heimekampane. Dette vert lagt merke til også utanfor bygda, og det har på alle måtar mykje å bety for fotball-aktiviteten i laget. Vi vonar dette er ein trend som vil halde seg i åra framover. I alle fall vil vi gå inn for å heve fotballnivået og halde både aktivitet og kvalitet oppe mellom vaffel-bakarane.
BANETILHØVA Det er ynskje om å utvide fotballbana omlaag 3 meter på lengda utan at dette reduserer breidda. Om dette skal late seg gjennomføre, må det også gjerast endringar for kastsektorane/ringane. Utvidinga vedkjem såleis ikkje berre fotballgruppa. Gjerdet lang bana mot riksvegen bør og fullførast slik at det går frå barnehagen og forbi Smeden. Flomlys på bana er også ei sak som er av stor interesse for fotballgruppa.
FOTBALL FOR ALDERSBESTEMTE KLASSER Fotballinteressa er stor i jente- og guteklassene. Dette syner oppslutninga om Firda Tidend Cup. Det kan bli aktuelt å delta i 7-ar fotball (7 spelarar på laget) i årsklasser som har nok utøvarar til det.
UTDANNING På dette området har vi fått lite til. Særleg gjeld det utdanning av dommarar. Etter tre år med fotball har vi frammleis ikkje nokon som er villeg til å stille her. Tilbodet om kurs frå krinsen si side er godt, så her vil vi på det sterkaste oppfordre om å melde seg på både for dommarar, leiarar og trenarar.
NESTE SESONG Hans Otto Holme og Tor Larsen held fram som trenarar, og vi har no utvida til tre treningsøkter i veka. Spelarstallen vil vere stort sett den same som i pr. Det ser ut til at vi har over 20 spelarar som er interesserte i å vere med på laget. Problemet er at dei er spreidde over eit stort område grunna skulegang/utdanning, og det er såleis vanskeleg å samle laget til treningar.
Vi håpar likevel på ein god innsats frå alle på etterjulsvinteren slik at ein kan stå best mogeleeg rusta til fyrste sesongen i 6. divisjonen.
Treningstider: Onsdag 20:00 - 22:00 Fredag 19:00 - 21:00 Søndag 13:00 - 15:00
Til sist: Takk til alle for ein god og underhaldande fotballsesong. Både spelarar, trenarar og alle medhjelparar på heimekampane har gjort ein framifrå innsats, og ikkje minst har publikum vore fantastiske.
Vel møtt til ny sesong.
Årsmelding fotballgruppa 1996:
SERIEN (6.DIV) Forrige sesong rykka Hyen opp i 6. divisjonen. I år gjekk vegen tilbake til 7.. Speenninga om å halde seg i divisjonen heldt seg til det siste, g med litt meir flaks kunne laget ha unngått nedrykk. Eit poeng å komme tilbake til 7. divisjoenn kan vere dei interessante lokaloppgjerda mot Brodd og Breimsbygda, så desse kan i alle fall publikum sjå fram til når neste sesong startar.
Vi vil også nemne at Hyen hevda seg godt med to sigrar og to tap mot gode lag undder KM innandørs i Stryn no i månadsskiftet november/desember. Dette indikerer kanskje at vi kan sjå med forventning fram til neste sesong.
Årsmelding fotballgruppa 1997:
SENIOR - 7. DIVISJON Seniorane hevda seg godt i 7. divisjonen. Laget enda på 2. plass etter å ha slege puljevinnaren i siste kampen. Spelarstallen er nokså stor - omlag 20 - og dette kjem vel med sidan ein del av spelarane har lange reiser til kampane (og treningane).
I slutten av november vart det stilt lag på KM innandørs i Strynehallen. Dette er ein fint høve til å få prøve seg mot lag høgare oppe i divisjonane. Denne gongen vart det stopp etter tre kampar i dei innleiande rundene.
Årsmelding fotballgruppa 1998:
SENIOR - 7. DIVISJON Seniorlaget var med og kjempa i toppen av tabellen gjennom heile sesongen, men måtte til slutt sjå seg slått av Flatraket. Ein andreplass i avdelinga må likvel vere bra, når ein også har vunne to av tre kampar mot Brodd.
No kan det vere utsikter til 6. divisjonsspel for neste sesong utan opprykk. 7. divisjonen vert kan hende nedlagd og i staden vert det tre avdelingar i 6.div. Dette vil i tilfelle føre til fleire lag i kvar avdeling og såleis meir variasjon i kampane.
Oversikt over Hyen sine scora og innslupne mål frå 1993-2009:
Hyen spelte sin første seriekamp våren 1993. Det betyr at laget i 2009 gjennomførte sin 17. sesong! Iløpet av disse åra har glopparane scora 646 mål og sluppe inn 594 mål på totalt 237 kampar. Dette gjev eit snitt på 2,73 mål scora og 2,51 mål innslupne per kamp. Det betyr altså at det i Hyen sine kampar i snitt blir scora 5,23 mål.
Mål nummer 500 blei scora av Åsmund Ommedal 19. august 2005 på Lund Stadion i Oppstryn, ein kamp Hyen forøvrig tapte 1-8! Åsmund Ommedal er også Hyen mestscorande gjennom tidene og etter 2008-sesongen står Hyens spelande trenar oppført med 96 mål.
Mål nummer 600 blei scora av Ola Henning Ommedal 2. september 2008 på Florø Stadion då han sette inn 1-2 reduseringa i kampen mot Florø3 som til slutt enda 2-2. Ola Henning Ommedal er forøvrig den Hyen-spelaren med flest kampar og får sin kamp nummer 200 iløpet av 2009-sesongen!


|